PREGA: Leiar for oppvekst og kultur i Lærdal kommune, Torunn Liltved, seier det siste skuleåret har vore prega av at Ljøsne skule stengte dørane.
PREGA: Leiar for oppvekst og kultur i Lærdal kommune, Torunn Liltved, seier det siste skuleåret har vore prega av at Ljøsne skule stengte dørane. (Foto: Camilla Skjær Brugrand)

Melding: Nedlegginga av Ljøsne skule prega skuleåret som gjekk

Det går fram av utviklingsmeldinga for grunnskulen i Lærdal kommune.

Lærdal: – Det har heilt klart prega oss på alle nivå at me har hatt ein prosess med skulekrinsgrenser og mykje fokus på nedlegging av Ljøsne skule, seier kommunalsjef for oppvekst og kultur, Torunn Liltved.

Utviklingsmeldinga, som vert lagt fram for dei folkevalde torsdag, skal gi politikarane innsikt i korleis skuleåret har vore. Politikarane er skuleeigarar, og i meldinga kan dei lese om læringsresultat, fråfall og læringsmiljø, i tillegg til ei rekke andre tema.

– Me har forsøkt å seia noko om utviklingsarbeid og gjera innhaldet litt meir spennande. Me tykkjer også det er viktig å vera ærlege og seiea noko om kva me ikkje er så gode på også, kommenterer Liltved.

Ros til tilsette ved Ljøsne skule

I meldinga om skulen vert det ikkje lagt skjul på at nedlegginga av Ljøsne skule har påverka heile oppvekstområdet og at det spesielt har vore krevjande for personalet ved Ljøsne skule.

– Det har eg stor respekt for. Eg tykkjer dei har handtert situasjonen godt der oppe, med ei leiing som har vore ryddig. Dei har vore flinke på å prøva å få ungane til å ha eit positivt syn på det å bytta skule.

Utfordringar

Lågare lærartettleik enn før, ein del tunge elevsaker og fleire framanspråklege elevar er nokre av grunnane til at utviklingsarbeidet ikkje har fått fullt fokus. Likevel vert det meld at det skjer fleire positive endringar i mange klasserom med meir praktisk og variert undervisning.

– Lærartettleiken er jo noko dei folkevalde kan gjera noko med?

– Det er viktig å understreka at dette gjeld for ungdomstrinnet. Sjølv om eg meiner me aldri kan få for mange hender i skulen, tykkjer eg ikkje det er mi oppgåve å be om fleire lærarar, men å orientera om situasjonen og eventuelle konsekvensar viss me tykkjer det blir uforsvarleg. Det er slitsamt å ha store klassar og vera åleina om det ansvaret, men det er litt tidleg å seia noko om konsekvensane enno, svarar ho.

Slike konsekvensutgreiingar kjem eventuelt i budsjettsaka, legg Liltved til.

Hentar læring frå program

Kommunen har tidlegare i år delteke i programmet «Den gode barnehage- og skuleeigar». Det meiner Liltved det har kome mykje godt ut av.

– Me har vore ei god gruppe med sentrale politikarar og tilsette frå administrasjonen, der me har hatt gode diskusjonar. Det har gitt konkrete resultat som i ein temadag me skal ha i kommunestyret i neste veka. I vår var også ordføraren og underteikna på besøk på skulane og snakka med tilsette og vart betre kjende med kvardagen dei møter.

Det er også laga ein rapport for barnehagane. Den er ikkje obligatorisk, men Liltved er full av ros for arbeidet som er gjort med meldinga.

– Den viser at dei i barnehagane er gode på det faglege og i møte med foreldra, men også at dei har utfordringar med høgt sjukefråvær. Då det er opptak kontinuerleg, har det blitt lite ro i gruppene.

Til toppen