BRANN: Eit hus på Fodnes i Lærdal tok til å brenna i dag.
BRANN: Eit hus på Fodnes i Lærdal tok til å brenna i dag.

Husbrann i Lærdal – bebuarane greidde å sløkka det meste av flammane sjølve

Det var i full utrykking til ein husbrann på Fodnes i Lærdal. Brannen er sløkt, men det er framleis mykje røyk.

Lærdal: Like før klokka eitt i dag melde politiet på Twitter om brann i ein bustad i Lærdal. Politi, brann og ambulanse rykka ut til staden.

Få minutt seinare skreiv politiet at brannen skulle vera sløkt, men at det er ein del røyk på staden.

– Me fekk melding klokka 12.51 om ein brann på eit kjøkken. Det var folk inne i huset, men dei har kome seg ut. Dei fekk sløkt mesteparten av flammane sjølve før brannvesenet var framme, seier Oddbjørn Aune ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Han fortel at brannvesenet no er i ferd med å lufta ut røyken frå bustaden.

Bilete frå åstaden viser sotete kjeler, og det kan sjå ut som kjøkkenvifta òg har teke fyr. Innsatsleiar Silje Høysæter frå Årdal lensmannskontor vil ikkje spekulera i årsaka til brannen.

– Det kan eg ikkje seia noko om no, det vil bli ein del av etterforskinga, seier ho.

Til toppen