BRANN: Ein person er sendt til sjukehus etter brann i Fresvik.
BRANN: Ein person er sendt til sjukehus etter brann i Fresvik. (Illustrasjonsfoto: Lidvar Berge/Arkiv)

Politiet opprettar sak etter brann som viste seg å vera bål i Fresvik

Har avslutta på staden.

Fresvik: Politiet opplyser på Twitter klokka 13.23 at det er meldt om ein brann i eit terreng i Fresvik.

BRANN: Det er meldt om terrengbrann i Fresvik. Foto: Skjermdump / Google Maps

Vidare kjem det fram at nødetatane er på veg til staden.

– Me veit foreløpig ikkje så mykje, men me har mannskap på veg, seier Operasjonsleiar ved Alarmsentralen i Florø til Porten.no.

Politet er på staden og dei opplyser klokka 13.47 at dei har kontroll. Det er snakk om eit bål, og dei avsluttar no arbeidet sitt.

Politiet opprettar sak.

Først meldte Porten.no at ein person var sendt med ambulanse til legevakten, då dette først blei opplyst om frå politiet på Twitter. Det viser seg no at dette ikkje stemmer. Me beklagar.

Har du tips eller bilde? Send gjerne til tips@porten.no.

Til toppen