FØRSTEKANDIDAT: Arnstein Menes er innstilt som førstekandidat for Senterpartiet i nye Sogndal kommune.
FØRSTEKANDIDAT: Arnstein Menes er innstilt som førstekandidat for Senterpartiet i nye Sogndal kommune. (Foto: STINE KYRKJEBØ JOHANSEN / NRK)

Nominasjonsnemnda ønskjer Menes som ordførarkandidat for Sp i nye Sogndal

– Eg er audmjuk for den tilliten som er vist meg, sa han då han delte nyheita på Facebook.

Balestrand: Torsdag vart det kjent at Arnstein Menes (42) frå Balestrand, er nominasjonsnemnda i Senterpartiet sin ordførarkandidat for nye Sogndal kommune.

Det endelege nominasjonsmøtet er neste laurdag. 

Menes var varaordførar for Balestrand frå 2011 til 2015, og han har òg eit sete på fylkestinget i Sogn og Fjordane. Sidan 2009 har han jobba som opptaksleiar ved HVL.  

Det var Menes sjølv som melde om nyheita på sin Facebook-profil torsdag: 

– Tusen takk til nominasjonsnemnda i Senterpartiet som har innstilt meg som ordførarkandidat for Nye Sogndal kommune. Eg er audmjuk for den tilliten som er vist meg. Gler meg til nominasjonsmøtet neste laurdag og den politiske verkstaden me i SP no skal ha for å skapa ein flott ny kommune for alle innbyggjarane i Balestrand, Leikanger og Sogndal. 

Porten.no oppdaterer saka. 

Til toppen