FYRVERKERI: Skal du skyta opp fyrverkeri bør du vita korleis du gjer det trygt. Illustrasjonsfoto: Wikipedia Commons
FYRVERKERI: Skal du skyta opp fyrverkeri bør du vita korleis du gjer det trygt. Illustrasjonsfoto: Wikipedia Commons

Menn og dei over 30 blir oftast skadde i uhell med fyrverkeri

Direktoratet for sikkerheit og beredskap (DSB) ber folk vere varsame når fyrverkeriet skal skytast opp nyttårsaftan.

NPK-NTB: – Tankeløyse ein liten augneblink kan få store konsekvensar, seier direktør Cecilie Daae i DSB.

Tal frå DSB viser at det særleg er menn som blir skadd ved bruk av fyrverkeri.

Fakta om trygg oppskyting av fyrverkeri

  • Førebu oppskytinga av fyrverkeri i god tid mens det enno er lyst ute
  • Les bruksrettleiinga nøye før bruk
  • Kontroller at fyrverkeriet ikkje er skadd
  • Sørg for at fyrverkeriet ikkje kan velte
  • Bøy deg aldri over påtent fyrverkeri
  • Ikkje tenn fyrverkeri på nytt om det ikkje tenner ved første forsøk
  • Hald god avstand frå oppskytinga
  • Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman
  • Kommunen kan innføre lokale avgjerder om bruk av fyrverkeri. Som regel er det forbode å bruke fyrverkeri på andre dagar enn nyttårsaftan mellom kl. 18 og 02.

Kjelde: Norsk brannvernforening

Nyttårsfeiringa i 2016 førte til 65 registrerte uhell med fyrverkeri. Totalt blei 52 personar skadd i desse uhella, ifølgje DSB. 62 prosent av desse var menn, mens 15 prosent var kvinner. I 23 prosent av tilfella var ikkje kjønn oppgitt.

Hender og hovud er spesielt utsett. 28 av dei skadde i 2016 hadde skader på fingrar eller hender, mens 14 personar hadde skader på hovud eller ansikt. Daae oppfordrar til bruk av vernebriller.

– Både den som skal fyre av fyrverkeriet, og dei som ser på, bør bruke vernebriller, seier ho.

Færre skader

Flest uhell blei rapportert i Hordaland (14), Oslo (11) og Akershus (9). I tillegg til personskadane blei det registrert 27 materielle skader. Åtte av desse var brannar og fem var branntilløp. Også Norsk brannvernforening ber folk ta sine forholdsreglar under feiringa.

Administrerande direktør Rolf Søtorp meiner at ein del av personskadane knytt til fyrverkeri har samanheng med høgt alkoholinntak.

– Med inntak av alkohol blir vurderingsevna redusert, og reaksjonstida aukar. Derfor er vårt råd at ein edru person tar seg av oppskytinga, seier Søtorp.

Trass i auken i uhell frå 2015 til 2016 har det dei siste åra vore ein nedgang totalt sett. I 2008 blei det innført forbod mot kjøp og bruk av såkalla pinnerakettar.

– Dette har ført til at dei innrapporterte skadetala, personskadar og materielle skader, ligg på eit lågare nivå no enn før innføringa av forbodet, skriv DSB i rapporten.

Dei eldre er verst

Det er dessutan ikkje dei yngste som er involvert i flest ulykker. Av dei skadde i 2016 var 16 personar over 30 år. Til samanlikning var sju personar under 18 og ni personar mellom 18 og 29 år. For 20 av dei skadde var alderen ikkje oppgitt.

Dei siste åtte åra har delen skadde i aldersgruppa under 18 år og 18 til 29 år hatt ein nedgang, mens delen skadde over 30 år derimot aukar. Daae minner om at sjølv små uhell kan føre til store livsvarige skader.

– Det er viktig å huske på at fyrverkeri er eksplosiv. Det skal ein handtere med respekt, seier Daae.

Fakta om augeskadar etter ulykker med fyrverkeri

  • 2016/17: 12 skadar – 4 alvorlege og 8 moderat alvorlege
  • 2015/16: 18 skadar – 6 alvorlege og 12 moderat alvorlege
  • 2014/15: 16 skadar – 4 alvorlege og 12 moderat alvorlege
  • 2013/14: 15 skadar – 7 alvorlege og 8 moderat alvorlege
  • 2012/13: 17 skadar – 5 alvorlege og 12 moderat alvorlege
  • 2011/12: 16 skadar – 4 alvorlege og 12 moderat alvorlege
  • 2010/11: 17 skadar – 6 alvorlege og 11 moderat alvorlege
  • 2009/10: 10 skadar – 3 alvorlege og 7 moderat alvorlege
  • 2008/09: 10 skadar – 5 alvorlege og 5 moderat alvorlege
  • 2007/08: 21 skadar – 6 alvorlege og 15 moderat alvorlege
  • 2006/07: 20 skadar – 3 alvorlege og 17 moderat alvorlege
  • 2005/06: 28 skadar – 6 alvorlege og 22 moderat alvorlege

    Kjelde: Overlege Nils Bull, Haukeland sjukehus

Til toppen