(NPK): – Jobb nummer ein for meg er å medverke til at dei som vil satse på ei framtid i landbruket lukkast med det. For unge bønder er det viktig å kunne dra veksel på praktisk kunnskap og kompetanse frå erfarne næringsutøvarar. Gjennom forsøket "bonde hjelper bonde" er det nettopp lagt opp til dette, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale i ei pressemelding.
Mentorordninga "bonde hjelper bonde" tilbyr hjelp innan tradisjonelt landbruk og andre landbruksbaserte næringar. Unge under 35 år blir prioriterte og erfarne næringsutøvarar blir nytta som mentorar.
Mentorordninga vil omfatte Trøndelag, Aust-Agder, Oppland, Hedmark og Sogn og Fjordane. Det er sett av 4 millionar kroner til det toårige forsøket over jordbruksavtalen, og forsøket vil bli evaluert.