OPPGÅVE: Administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene, seier at ei av dei viktigaste oppgåvene for banken framover er å hjelpe bedriftskundar som har fått vanskar på grunn av koronasituasjonen.
OPPGÅVE: Administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene, seier at ei av dei viktigaste oppgåvene for banken framover er å hjelpe bedriftskundar som har fått vanskar på grunn av koronasituasjonen. (Foto: Arve Ullebø)

Merkar koronasituasjonen – resultatet gjekk ned med 80 millionar

Resultatet til Sparebanken Sogn og Fjordane for første kvartal i år er sterkt prega av koronakrisa, men banken melder at den likevel er solid.

Sogn og Fjordane: Resultatet til Sparebanken Sogn og Fjordane for første kvartal i år er tydeleg prega av koronasituasjonen. I år hamna resultatet før skatt på 29 millionar kroner mot 159 millionar kroner for same kvartal i fjor. Resultatet er sterkt prega av verknadane koronakrisa får for bedriftene i banken sitt kjerneområde, skriv banken i ei pressemelding. 

Ifølgje banken skuldast resultatnedgangen 80 millionar som er sett av til forventa tap på utlån, og negativt resultat frå finansielle instrument på 49 millionar kroner. Begge delar grunna koronapandemien. 

– Likevel solid

Banken skriv i pressemeldinga at Sparebanken Sogn og Fjordane likevel er solid og har ein kjernekapitaldekning på 15,9 prosent, som er godt over regulatorisk krav og ein god utlånsvekst på seks prosent siste tolv månadene. 

–  Sparebanken Sogn og Fjordane har levert gode resultat over tid, det gjer at banken er solid og har likviditet til å stå støtt gjennom situasjonen vi er i. Vi har alltid sagt at vårt aller viktigaste samfunnsansvar er å vere ein sterk muskel for næringslivet i Sogn og Fjordane, og det har aldri vore meir sant, seier administrerande direktør Trond Teigene.   

Han legg til at ei av dei viktigaste oppgåvene til banken er å hjelpe bedriftskundar som har fått utfordringar som følgje av tiltaka myndigheitene har gjennomført.

Vil hjelpe organisasjonar i koronavanskar   

Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har ei ramme på om lag 55 millionar kroner i gåver- og sponsormidlar for 2020, og har blant anna sett opp ei ekstraordinær søkarrunde for lag og organisasjonar som treng pengestøtte grunna koronakrisa, melder banken. 

– Vi vil at Sogn og Fjordane skal ha eit allsidig kulturliv og mykje aktivitet i lokalmiljøa, og håpar at lag og organisasjonar som vert råka av koronasituasjonen søker midlar hos eigarstiftinga vår,  seier Teigene.  

Renteendringar vil påverke 

Netto renteinntekter for banken er på 250 millionar kroner og er auka med 30 millionar kroner eller 13,7 prosent i forhold til 1. kvartal i fjor.  

– Rentebiletet endra seg mykje mot slutten av kvartalet, som følgje av koronapandemien, uro i finansmarknaden og Norges Bank sine endringar i styringsrenta. Desse endringane kom så seint at det i liten grad påverka rentenettoen i 1. kvartal, men det vil påverke utviklinga og banken sine innlånskostnadar vidare i år, fortel Teigene.

Til toppen