Årdal: Trass gode produksjonstal, presenterte Hydro i Årdal eit underskot før renter og skatt på 62 millionar kroner i andre kvartal. Det skriv selskapet i ei pressemelding tysdag.
– Det er fortsatt utfordrande med varierande aluminakvalitet, men me handterer denne situasjonen godt i Årdal, og leverer nok eit kvartal med gode produksjonstal, seier fabrikksjef Wenche Eldegard i pressemeldinga.
Hittil i år er underskotet på 174 millionar, mot eit overskot på 187 millionar i heile 2018. I 2017 var overskotet på svimlande 659 millionar. Selskapet forklarer svikten med høge prisar på råstoff, kombinert med låge prisar på aluminium.
Les óg: Sivil domstol gir Hydro lov til å starta opp full råstoff-produksjon i Brasil
Resultatet fell, men aksjen stig
Hydro-konsernet samla gjekk 875 millionar kroner i pluss på drifta i andre kvartal, ned frå 2,7 milliardar i same kvartal i fjor.
– Dette reflekterer hovudsakleg lågare realiserte prisar på aluminium og alumina, og effekten av cyberangrepet, som delvis vart utlikna av positive valutaeffektar, skreiv Hydro i ei pressemelding tidlegare på dagen.
Trass nedgangen steig Hydro-aksjen på Oslo Børs i morgontimane tysdag. Dette fordi analytikarane hadde venta eit enno dårlegare resultat.
Hydro reknar med at cyberangrepet i mars kosta verksemda mellom 250-300 millionar, men at drifta stort sett var tilbake i normalt gjenge ved utgangen av kvartalet.