Indre Sogn: I løpet av dei neste dagane vil gradestokken variera mellom fem til ti minusgrader.
– Snøen som allereie har kome vil bli liggjande heile neste veke, og det er venta lite til ingen nedbør, melder meteorolog Steinar Skare.
- Les òg: Dette er status på vegane
Melder fint vêr måndag
Meteorologisk insitiutt opplyser om at vinden som er venta dei neste dagane vil koma frå aust.
– Det bles ein del søndag ettermiddag, men vinden vil roa seg betrakteleg fram mot måndag morning.
Meteorologen melder òg om at måndag mest truleg kjem til å vere den beste dagen vêrmessig i løpet av den neste veka.
– Måndag kjem til å bli ein fin dag. Det er venta lettskya oppholdsvær, og svak vind, seier Skare.