Indre Sogn: Sommarvêret har latt vente på seg, men utover ettermiddagen onsdag vil skyene sprekke opp.
– Det kjem til å bli to veldig fine dagar onsdag og torsdag, med aukande temperaturar og sol frå stort sett skyfri himmel, seier Anne Mette Olsen, vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt.

Temperaturane onsdag vil ligge på i overkant av tjue grader. Torsdag vert det enno varmare, 26-27 på dei varmaste plassane. Sommargleda blir derimot kortvarig.
– Frå fredag blir det nok meir variabelt skydekke og spreidde byger gjennom helga. Heilt ille blir det ikkje, for temperaturane vil framleis ligge på rundt tjue grader og de treng ikkje bli så mykje nedbør, seier Olsen og legg til at det kan bli periodar med sol gjennom helga.
Mange av oss føler nok sommaren til no har vore ein gedigen skuffelse. Det er det ingen grunn til, meiner meteorologen. Rett nok var det uvanleg vått i juni, men jamt over har sommaren vore klassisk norsk med regn og sol om kvarandre.
– Sånn heilt fantastisk har han jo ikkje vore, men eg vil tru det er ein ganske typisk sommar, kanskje rett under snittet, seier Olsen, som understrekar at fasiten først vil kjem når dei har samla inn all statistikken i slutten av månaden.