Sogn: Meteorologisk institutt melder i dag om kraftig vind i Sogn og Fjordane.
Meteorolog Haldis Berge seier til Porten.no at ein kan venta mykje høgdevind og sterk vind i fjellet i Indre Sogn.
– Ein må rekna med ein sørleg liten storm i fjella i natt, og så dreier den mot vest seint i kveld, seier Berge.
Vindkasta kan komme opp i 20-30 meter per sekund når den dreier mot vest, og er på sitt sterkaste. Det skjer ein gang mellom midnatt og 03:00.
Snøbyger over 1000 meter
Berge seier at når vinden er på det sterkaste vil det vera regn i fjellet. Men når vestavinden kjem fell temperaturen, og då går regnet over til snøbyger.
Berge oppmodar folk til å ikkje ha lause gjenstander ute, som trampoliner. Det kan vera sterke vindkast lokalt, og difor må lause gjenstander sikrast, avsluttar ho.
Kraftig vind er ventet i #SognogFjordane, #MøreogRomsdal, #Trøndelag og #Nordland søndag kveld og natt til mandag. pic.twitter.com/WgyYW9QFF1
— Meteorologene (@Meteorologene) 15. oktober 2017