Indre Sogn: Vakthavande meteorolog ved meteorologisk institutt, Hanne Beate Skattør, varslar nemleg temperaturar heilt oppe i 10 plussgrader til helga.
– I låglandet vil det bli opp mot 10 varmegrader inn mot helga, sånn sett er det ikkje dei beste nyheitene for skientusiastar, seier Skattør.
Lite snø i sikte
På grunn av mild luft som kom innover mot Noreg onsdag kveld vil det regne torsdag. Temperaturen vil vera på det høgaste frå fredag til og med sundag, men òg første halvdel av neste veke.
Skattør seier det kan bli kaldt att i slutten av veka som kjem og at temperaturen kan gå ned til under nullen.
– Kan me venta noko snø framover?
– Det vil koma nedbør i dag, men det vil koma i form av regn. Det ser ut som det kan starte som snø over 300 meter, men seinare i kveld vil det regne over 1000 meters høgd òg. I morgon vil nok snøgrensa ligge mellom 800 og 1100 meter.
Dagleg leiar på Sogn skisenter er ikkje uroa
Runar Tørvi, dagleg leiar ved Sogn skisenter som ligg mellom 320- 1000 moh, er ikkje uroa. Han påpeiker dog at det gjerne kunne ha vore blå himmel og nysnø sidan det er vinterferie.
–Det har regna litt her i dag, og det er klart at mildvêr alltid er utfordrande for eit skisenter, men førebels har me så bra med snø at me bergar oss, og heile anlegget er ope, seier han.