BRYGGER TIL STORM: Dette biletet er dårleg nytt for alle som ønskjer seg ei kvit og fin jul.
BRYGGER TIL STORM: Dette biletet er dårleg nytt for alle som ønskjer seg ei kvit og fin jul. (Meteorologisk institutt/Yr.no)

Meteorologane varslar om grisevêr julehelga: – Kan bli skikkeleg vinterstorm

Vesle julafta brygger det til uvêr på Vestlandet.

Vêret: Eit kraftig lågtrykk ligg over Newfoundland, på austkysten av det nordamerikanske kontinentet. Laurdag kan det treffa Norge.

– Dette kan laga skikkeleg grisevêr i julehelga, seier meteorolog Magnus Ovhed til Yr.no

Han fortel at det garantert vil bli mykje vind og nedbør, men kor mykje står att å sjå. Prognosane er usikre, men førebels ser det ut til at lågtrykket vil føra til uvêr både i Trøndelag og på Vestlandet vesle julafta.

– Det kan bli en skikkelig vinterstorm, sier Ovhed.

Saman med resten av meteorologane vil han følgja utviklinga tett framover. Allereie i dag skal dei bestemme seg for om dei skal senda ut varsel om auka observasjon. Det er hakket før ekstremvarsel.

På julafta ligg det an til nedbør og vestleg kuling langs heile kysten. På Vestlandet er det venta at nedbøren vil koma som regn.

Til toppen