NEDBØR: Frå torsdag av er det meldt regn i Sør-Noreg.
NEDBØR: Frå torsdag av er det meldt regn i Sør-Noreg. (Skjermbilde: Meteorologisk institutt)

Meteorologen: – No kjem regnet tilbake

Torsdag snur finvêret og fredag kjem regnet.

Indre Sogn: Etter vel ei veke med sol og skikkeleg sommarvêr vil det snu no til helga, melder Meteorologisk institutt på Twitter

Onsdag er det framleis meldt ganske fint vêr, men torsdag vil vêret snu.

– I Indre Sogn ser det ut som at finvêret held fram til og med torsdag. Det vil nok bli litt tilskya seint torsdag til natt til fredag. Regnet vil starta tidleg fredag, seier vakthavande meteorolog Martin Gramerød til Porten.no. 

Regnet kjem som følgje av eit lågtrykk i Nordsjøen.

Gode temperaturar

Laurdag vil temperaturen ligga kring 20 grader, opplyser Gramerød. Han melder likevel ein del regnbyger utover kvelden og natt til sundag. 

– På sundag blir det høgt skydekket, og kanskje noko bygete. Det er litt usikkert, så det er vanskeleg å seia heilt sikkert, seier han. 

Han strekar under at fredag ser ut til å bli den dårlegaste dagen. 

– Korleis ser vêret ut i starten av neste veke? 

– Det er vanskeleg å sei, det er usikkert frå sundag av. Måndag blir det høgt skydekke, med periodar med sol og ein temperatur på kring 20 grader. Tysdag blir det sannsynlegvis eit lågtrykk.

Til toppen