Indre Sogn: Nyttårsaftan vil det koma mykje nedbør i løpet av dagen. Det vil i tillegg blåsa sterk vind frå vest, som aukar på utover dagen.
– Det ser litt trist ut vêrmessig, diverre. Tidleg nyttårsaftan vil det vera lite nedbør, men det aukar utover dagen. Ut på kvelden går det over til bygevêr og nedbør, seier vakthavande meteorolog ved meteorologisk institutt, Frode Hassel.
Hassel varslar at det vil føra til vanskelege køyreforhold måndag og tysdag.
– Vêret blir litt uroleg, for å seie det enkelt. Det blir vanskelege køyreforhold særs ved fjellovergangane nyttårsfaftan og tysdag, men det vil dog roa seg ned i løpet av onsdagen, då får me eit lite avbrekk frå vinden, seier han.
Lågt skydekke kan stå i vegen for fyrverkeriet
Kring midnatt vil det blesa ganske sterkt, samt koma ein del nedbør i byger. Ifølgje Hassel blir det kjølig utover natta, og snøgrensa vil synka nedover.
– Korleis blir skydekket med tanke på fyrverkeri?
– Det blir truleg ikkje superhøgt, det vil nok danna seg nokre skyer som ligg tett nede i dalane.