Sogn: Sjølv om meteorolog Trond Lien lovar litt finevêr på sogningene inn mot helga, må me førebu oss på litt vind.
– Laurdag kjem vinden frå sør og sær-aust. På utsatte stadar kan det bli ein frisk bris i indre strøk. i ytre strøk er det som vanleg meir vind. Her kan me vente oss ein stiv kuling, seier meteorologen frå Meteorologisk institutt.
Laurdagen byr også på nokre regnbyger i Ytre Sogn, men elles vert det opphald og sol.
– De har jo har ein del regn i det siste. I helga blir det finare vêr, seier Lien til Porten.no.
- Les óg: I over 30 år har Bjørn og kompisgjengen jogga gjennom lysløypene i Sogndal - det resulterte i bok

Kan komme snø
Lien seier temperaturen gjennom helga vil ligge på om lag det same som denne veka.
– Den endra seg ikkje så mykje. Den blir liggande på om lag fem grader, seier Lien.
Den nedbøren som kjem, forklarar han at kan komme som snø i fjella.
– Ti dømes utover søndag, då vert nedbøren litt kraftigare, seier han.
Lite sol søndag
Når laurdag blir til søndag vil ikkje mykje endre seg for sogningane som held til i ytre strøk, der vil det framleis komme litt regn.
– Elles vert det truleg lite sol på laurdag, seier Lien.
Indre Sogn får eit skydekke, men regnet skal halde seg vekke, melder meteorologen.