EKSTREMT: I morgon kan me få opptil 60 milimeter regn på seks timar.
EKSTREMT: I morgon kan me få opptil 60 milimeter regn på seks timar. (Foto: Meteorologisk institutt)

Meteorologisk institutt åtvarar mot styrtregn: – Alvorleg situasjon

Tysdag er det venta ekstremvær i form av styrtregn på Vestlandet. Etter fleire tørre månader kan me no få opptil 60 millimeter på seks timar.

Indre Sogn: Tysdag er det venta store mengder nedbør og torden på Vestlandet, særleg tysdag ettermiddag og tidleg kveld. Lokalt, mellom anna kan det komma mellom 40-60 millimeter regn på seks timar.

Dette er såpass mykje at Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel med oransje faregrad, noko som betyr ein alvorleg situasjon. Raudt er den høgaste faregraden.

– Der regnbygene treff er det fare for overvatn i tettbygde område, lokale flaumar, bekke- og elveløpsendringar, jord- og flomskred, skriv Varsom.no.

Det er eit lågtrykk sør for Island som styrer eit frontsystem med særs ustabile luftmassar inn mot Sør-Norge. 

Framleis er det usikkert akkurat kor nedbøren vil treffa lokalt, men dei førebelse prognosane viser at fleire kommunar i Sogn går eit fuktig døgn i vente. Årdal er den einaste kommunane som ser ut til å sleppa heilt unna syndefloden, medan òg lærdølene kjem lettare frå det enn dei fleste.

Her kan du tettstadene der det er venta mest regn:

Aurland: I Gudvangen er det venta frå 11,6 til 30,3 milimeter regn frå klokka 12.00 til  18.00, frå 13,5 til 22,2 milimeter mellom klokka 18.00 og 24.00

Sogndal: I Fjærland er det venta frå 19,0 til 33,7 milimeter regn frå klokka 12.00 til 18.00, frå 9,7 til 24,2 milimeter mellom klokka 18.00 og 24.00.

Balestrand: Her er det venta frå 6,8 til 20,9 milimeter regn frå klokka 12.00 til 18.00, frå 13,6 til 21,5 milimeter mellom klokka 18.00 og 24.00.

Vik: I Feios er det venta frå 10,4 til 29,2 milimeter regn frå klokka 12.00 til 18.00, frå 11,9 til 21,5 milimeter mellom klokka 18.00 og 24.00.

Leikanger: På Hermansverk er det venta frå 12,3 til 31,8 milimeter regn frå klokka 12.00 til 18.00, frå 10,7 til 19,9 milimeter mellom klokka 18.00 og 24.00.

Luster: På Veitastrondi er det venta frå 12,8 til 33 milimeter regn frå klokka 12.00 til 18.00, frå 7,6 til 20,2 milimeter mellom klokka 18.00 og 24.00.

Lærdal: På Lærdalsøyri er det venta maks 12,3 milimeter heile dagen, medan det på Frønningen kan koma frå 1,1 til 22,0 milimeter regn frå klokka 12.00 til 18.00, og frå 5,2 til 16,7 milimeter mellom klokka 18.00 og 24.00.

Til toppen