NY LEIAR: Mette Bakketun ser på det som ein god moglegheit i å tre inn i stillinga som dagleg leiar i næringshagen no, og med ei 60 prosent stilling, lar det seg kombinere med drift av Aurlandskoen.
NY LEIAR: Mette Bakketun ser på det som ein god moglegheit i å tre inn i stillinga som dagleg leiar i næringshagen no, og med ei 60 prosent stilling, lar det seg kombinere med drift av Aurlandskoen. (Foto: Gullaug Pless)

Mette Bakketun er ny dagleg leiar i Næringshagen

Leiaren i Aurlandskoen ønskjer å hjelpe verksemder i Sogn gjennom krisa.

Sogn: – Midt i koronakrisen kan næringshagen spele ei enda viktigare rolle for næringslivet i Sogn. Me er mange verksemder som har det tøft no, og då er det stort behov for eit organ som kan bidra med å finne tilskot, krisemidlar og svare på spørsmål. Det er og viktig at vi får fokus over på utviklingstiltak for å komme styrka ut av krisen, og eg er klar for å bidra her, sa Mette Bakketun, dagleg leiar i Aurlandskoen, i ei pressemelding.

Bakketun tek over leiarrollen frå Kristine Ohnstad, som går ut i permisjon for å fokusere på drift av Haugen Gardsmat. Bakketun skal leie Sognefjorden Næringshage fram til årsskiftet.

– Eg trur eg har god erfaring eg kan bidra med. Eg har vore med i styret til næringshagen
sidan 2017 og har mellom anna erfaring innan reiseliv, leiarskap, sal og marknad. Ikkje minst erfarer eg jo krisa no i mi eigen verksemd, sa ho.

Er sjølv permittert

Bakketun har vore dagleg leiar i Aurlandskoen sidan 2015. Då koronakrisen nådde Aurland, såg Bakketun seg nøydd til å permittere alle sine 5 tilsette. Sjølv vart stillinga hennar redusert til 40 prosent.

– Krisa trefte oss med ein gong. Me ligg i eit turistområde og har i høgsesong mellom 100 og 500 besøkande kvar dag. I tillegg har me fleire grupper på omvising i fabrikken. No er det ingen, sa ho.

Men ho augnar håp. Nordmenn er ei stor kundegruppe, og Bakketun veit at dei har mange solidariske kundar. Dei handlar igjen og igjen. Dermed har Aurlandskoen fått i gang litt av drifta.

– No håpar me berre at nordmenn skal ferie i Noreg slik dei seier at dei skal. Me merker at etterkvart som landet opnar opp, kjem det fleire nordmenn innom. Så får me håpe det
fortset, sa ho i pressemeldinga.

Ein strukturert og tydeleg leiar

Det vil likevel truleg ta tid før Aurlandskoen er tilbake i full drift. Difor ser Bakketun ei god
moglegheit i å tre inn i stillinga som dagleg leiar i næringshagen. Som ein 60 prosent stilling, lar det seg kombinere med drift av Aurlandskoen no.

– Eg er allereie godt kjent med arbeidet næringshagen gjer, så eg kjem fort i gang. Eg trur òg at denne stillinga vil hjelpe Aurlandskoen, så eg ser på det som ein vinn-vinn-situasjon, sa ho.

– Me må prøve å snu oss om og stå saman gjennom næringshagen. Me kjem oss ikkje unna permitteringar, nedskjeringar, prosjekt som blir lagt på is. Mykje vil stoppe opp og gå nokon skritt tilbake. Men eg håpar me klarar å dra nytte av kvarandre og stå saman gjennom krisa, sa ho.

Styreleiar i Sognefjorden Næringshage, Atle Stalheim, er ikkje i tvil om at Bakketun vil gjere ein god jobb:

– Mette har gjort ein strålande jobb for Flåm AS med Aurlandskoen, som har vore
målbedrift i Sognefjorden Næringshage over fleire år. Ho kjenner både
næringshageprogrammet og næringslivet på sørsida av Sognefjorden godt, og me er sikre på at me får ein rutinert, strukturert og tydeleg leiar ut året i Mette, seier styreleiar Atle Stalheim.

Til toppen