I TACOHIMMELEN: Den eneste faren ved å lage ukas rett, er at den vablige fredagstacoen faller i anseelse. FOTO: Carl Martin Nordby /
I TACOHIMMELEN: Den eneste faren ved å lage ukas rett, er at den vablige fredagstacoen faller i anseelse. FOTO: Carl Martin Nordby /

Mexicansk på mexicansk

Trudde du at norsk taco hadde noko med mexicansk mat å gjere? Da har du ikkje smakt dine eigne heimelaga pupusa-tacoar enno.

Det er langt frå Yukatanhalvøya til kalde Noreg. Gastronomisk er det faktisk ein astronomisk distanse mellom det mexicanarane et, og tacoen vi koser oss med til gullrekka her heime.

Som fyll i den mexicanske tacoen vår skal vi ha «cochinita pibil», ein rett med opphav hos mayaindianarane som heldt til i jungelen på Yukatanhalvøya. Den har truleg spelt den same rolla hos dei som finnbiffen hos vårt eige urfolk, samane.

Mayaindianarane krydra svinekjøttet godt, pakka det inn i bananblad og bakte det mørt i eit bål. Eitt av kryddera dei brukte, var frøa frå annattotreet. Desse frøa gir ein raudoransje farge og har ein smaksforsterkande effekt.

Fargen frå frøet vart òg nytta til å farge tøy og måle ansiktet; treet har faktisk kallenamnet «leppestifttreet». Annatto-frø får ein kjøpt i mange etniske butikkar, men det er ikkje heilt avgjerande for sausen om du ikkje finn det.

Sausen er laga med grapefrukt, appelsin og lime. Mykje frisk og syrleg sitrussmak blanda med chili og søt steikt løk er nydeleg til svinekjøttet.

Sidan eg manglar både bål og banantre, tok eg til takke med kolgrillen og ein skarp kniv. Den marmorerte svinenakken vart perfekt smaksrik og mør etter å ha grilla han på godt kol på begge sider. Slik får kjøttet dessutan ein røyksmak som minner om tillaging på bål.

Artikkelen held fram under bilete

STEK SELV: Det er enkelt og morsomt å lage pupusatacos.
STEK SELV: Det er enkelt og morsomt å lage pupusatacos.

Pupusatacos er kan hende noko av det enklaste eg har laga. Meny fører no Maseca-mjøl (grovt maismel), som er hovudingrediensen i tortillalefser. Kjøp ein kilo eller to no, så gjer du ditt til at det ikkje går ut av sortimentet!

Raskt knadd saman med vatn, riven cheddar og litt kveitemjøl er det enkelt og morosamt å kjevle ut tortillaer som du steikjer samanhengande i ei varm og tørr panne. For ein smak! Dette er eit godt stykke unna lefsene ein kjøper ferdig.

No som kjøttet er grilla og skiva, annatto-sausen er klar og pupusatacosen ligg stabla og klar for inntak, er det berre den crispy toppringen som manglar. Tynne skiver raudløk som du knar saman med lime og salt, er løktoppingen over heile Mexico. Denne løken, blanda med moden avokado og koriander, gjer smaksopplevinga komplett.

(UNDERSAK/OPPSKRIFT) Pupusataco
Ingrediensar (4 personar)

Kjøtt:

4 skiver svinenakke

salt

Annatto-saus:

5 ss solsikkeolje

1 løk

4 fedd kvitløk

2 appelsin (safta)

1 lime (safta)

1 dl kyllingkraft (Stange/Jacobs utvalde)

1 ts annatto-frø (kan sløyfast)

1 ss hakka chipottle-chili

1/2 cayenne-chili

1 ts heile korianderfrø

1/2 ts heil spisskummen (= cumin)

1 bunt frisk koriander

salt

Pupusatacos:

100 g Maseca-mjøl (Meny fører dette)

100 g kveitemjøl

1,8 dl vatn

50 g ost/cheddar

1 ts flaksalt

1 ss solsikkeolje

Sprø løk- og avokadosalat:

6 blad vestfoldsalat

1 høvla raudløk

1 vårløk, finsnitta

1 lime (safta)

2 avokado

Frisk koriander

passe salt

1 ss olivenolje

Framgangsmåte

Grilla svinenakke: Gni inn kjøttet med salt og olje. Grill det godt på høg varme på begge sider til det er gjennomsteikt (70 grader). Skjer i tynne skiver og legg dei på tortillaen. Hell annatto-sausen over kjøttet.

Annatto-saus: Skrell løken og skjer han i tynne skiver på 3 mm. Skrell og hakk kvitløken. Fres dette i rikeleg med olje saman med koriander- og spisskummenfrø. Når løken byrjar å bli gyllen, dryss over annatto-bæra, appelsin- og limejuice og kyllingkraft. Finsnitt chilien og tilsett den òg. La det koke inn på låg varme til ein tjukk saus. Skjer opp appelsinkjøtt i bitar, hakk masse koriander og vend det inn i den tjukke sausen. Legg dette i rikelege mengder over dei tynne skivene med grilla kjøtt på tortillaen.

Topping: Høvle eller finsnitt løken i ringar, ikkje båtar. Press over limesaft og dryss på to klyper salt. Kna saman til det mjuknar litt. Vend inn bitar av moden avokado, hakka koriander, vårløk og vestfoldsalat. Server med ein gong.

Tacoar: Kna delvis saman Maseca-mjøl, kveitemjøl og vatn. Vend inn riven cheddar mot slutten. Kna vidare til ein jamn deig. Form eggstore ballar. Kjevle dei ut til 20 centimeter i diameter med litt meir Maseca-mjøl og pensle med solsikkeolje. Steik på takke/panne på begge sider. (©NPK)

Til toppen