TRIVST: Sogndalkeeper Mathias Dyngeland lengtar ikkje heim til Bergen, og har ikkje planar om å forlata Sogndal, trass i at han er landslagsaktuell. Arkivfoto
TRIVST: Sogndalkeeper Mathias Dyngeland lengtar ikkje heim til Bergen, og har ikkje planar om å forlata Sogndal, trass i at han er landslagsaktuell. Arkivfoto

– Mi tid no er i Sogndal, og her utviklar eg meg veldig godt

Sogndal er kjend som eit relativt svakt haustlag ettersom sentrale spelarar gjerne forsvinn i sommarvindauget. Men både keeper Mathias Dyngeland og sportsleg leiar Håvard Flo har tru på ein bra haust

Sogndal: – Etter kvart no så kjem sikkert nokre tilbake frå skade så me får fleire alternativ. Me håpar det kan bli ein fin flyt og ein fin haust, seier Flo.

Haustane plar gjerne bli meir nervepirrande enn fine på Fosshaugane – dei fire siste sesongane klubben har vore i Eliteserien, har dei teke færre poeng i andre halvdel av sesongen kontra første halvdel.

Heilt håplaust var det i nedrykssesongen 2014 då 19 av totalt 24 poeng vart sanka i første halvdel, altså tok Sogndal berre fem poeng på femten kampar i andre halvdel.

Dei to sesongane før var det for så vidt ikkje dei heilt store skilnadene – 18 poeng i første halvdel av både 2012- og 2013 sesongen, mot tilhøvesvis 16 og 15 i vårsesongen. 

– Blir nok close race

HAR TRUA: Sportsleg leiar, Håvard Flo. Arkivfoto
HAR TRUA: Sportsleg leiar, Håvard Flo. Arkivfoto

I fjor var skilnaden større – 21 poeng til halvspelt serie, 15 poeng deretter.

– De plar vera eit svakare «haustlag» enn «vårlag», Håvard Flo – no etter sigeren mot Aalesund og halvspelt serie har de nitten poeng. Korleis ser du då på hausten?

– Det blir nok close race. Me får gjera unna dei to kampane som kjem no, så får me ei lita pause, og då er det vindauge som kjem. Eg trur me skal klara å lukkast bra til hausten.

Flo spår ikkje nærare rundt overgangsvindauget, som startar 20. juli og varar til 16. august. For det er sal av sentrale spelarar i dette vindauget som gjerne har vorte forklaringa på kvifor Sogndal har ein tendens til å falla litt ihop mot slutten av sesongen.

I fjor var det store spørsmålet korleis Sogndal ville takla å mista midtbanegiganten Babacarr Sarr til Molde i sommarvindauget. Då gjekk det rimeleg greitt, men Bodø/Glimt – som rykte ned – enda på 30 poeng, og Sogndal ville ha fått det same om vårsesongen gav same tal poeng som haustsesongen.

I 2014 var det overgangen til Brann for Azar Karadas som fekk mykje av «skulda» for den elendige haustsesongen og eit nedrykk med klar margin.

Gode alternativ på dei fleste posisjonar

I årets sesong har det kanskje ikkje i same grad vore ein gigant. Den kreative krafta på midtbana må seiast å i størst grad ha vore Gilbert Koomson, men i kampen mot Aalesund synte Chidiebere Nwakali kva som bur i han også.

Les også: Sogndal rett i leiinga

På topp må sjølvsagt terrieren Martin Ramsland, som saman med Koomson er toppscorar med fem mål, trekkjast fram. Men Eirik Schulze har etter kvart byrja å scora, og Bendik Bye er superinnbytaren som har funne vegen til nettmaskene tre gonger trass sparsameleg med speletid.

Bak er det umogleg å koma utom Kjetil Wæhler, men med sine 41 år er han neppe noko kjøpsobjekt. Unggutane Ulrik Fredriksen og Per-Magnus Steiring har synt eit stort potensiale, men at dei skal forsvinna alt no når dei nett har spelt seg til fast plass på Sogndal, verkar lite truleg.

Så det ser ut til å finnast gode alternativ på dei fleste posisjonar dersom ein av dei beste i første halvdel av sesongen forsvinn i sommar. I alle fall når dei mange skadde spelarane etter kvart kjem tilbake.

– Ein fin plass for meg å vera

Men bakarst har Mathias Dyngeland verkeleg fått eit gjennombrot denne sesongen – i sist landslagsrunde vart han teken ut, og er såleis vurdert som ein av Noregs tre beste keeperar av trenar Lars Lagerbäck.

Les også: Med i troppen til kvalikkampen mot Tsjekkia

Andrekeeper Tarjei Aase Omenås har me ikkje sett mykje i aksjon, men no når Sogndal dei siste kampane ser ut til å ha «funne ut av det» bakover, vil nok eit eventuelt sal av Dyngeland vera ei vesentleg svekkjing.

Men ifølgje Dyngeland sjølv er dette lite truleg.

– No skreiv eg ny kontrakt med Sogndal i fjor og trivst veldig godt både på og utom bana. Eg føler det er ein fin plass for meg å vera og utvikla meg til eg eventuelt tek eit steg vidare. Så det gjeld berre å vera solid i kvar kamp og jobba godt på trening, så kjem nok min tid, seier han til Porten.no

– Du lengtar ikkje heim til Bergen og laget som no ligg som nummer to på tabellen?

– Eg har ikkje noko særskild behov for det, nei. Eg heiar på Brann og eg heiar på Sogndal, men eg trur ikkje mi tid er i Brann enno. Ei gong i karriera mi håpar eg å kunne spela der, men mi tid no er i Sogndal og det er her eg utviklar meg veldig godt. Så eg trivst her.

Til toppen