LÆRER AV DEI LOKALE: Michelle Lowe-Holder vil både lære og lære vekk ferdigheiter under besøket i Lærdal.
LÆRER AV DEI LOKALE: Michelle Lowe-Holder vil både lære og lære vekk ferdigheiter under besøket i Lærdal. (Foto: Josef Benoni Ness Tveit)

Michelle vil bringe brukskunst frå Sogn til verda

Denne helga fekk handtverkarar i Lærdal spesielt besøk. Michelle Lowe-Holder er kjend tekstildesignar, og no vil ho lære av Lærdølane.

LÆRDAL: – Lærdal har mykje å by på. Meir enn folk veit, seier Lowe-Holder.

I Lærdal Kulturhus har kring tjue kvinner og menn samla seg. På eit langbord ligg garn og strikkemønster om ein annan saman med bilete av gamle genserar og kjolar. Dei som er samla, står i små grupper. Dei pratar om laust og fast og innimellom ler nokon høgt. Dei fleste har fargerike skjerf eller sjal, sikkert heimestrikka. Ein skjeggete kar syner fram tre store glaskrukker med knappar og ler godt. Det er tydeleg at alle desse har i alle fall éin ting til felles – kjærleik til handtverk.

Les også: Håpar besøk av kjent tekstildesignar skal enda i eit eige lærdalsgarn

– Skal me byrje?, spør Lowe-Holder og klappar i hendene.

Ho fortel om eit langt liv som klesdesignar, og syner fram modellar på raude tepper i flotte kjolar, skjorter og smykker. I forbifarta nemner ho store klesmagasin og butikkar – det er tydeleg at denne dama kan klede. Og no er ho i Lærdal for å lære av dei lokale.

HENTAR INSPIRASJON: Lowe-Holder og dei andre i prosjektet har teke bilete av klede og strikkemønster på museet. Desse skal nyttast som inspirasjon til dei nye produkta. Foto: Josef Benoni Ness Tveit

Vil skape noko som kan seljast av Lærdølar

Lowe-Holder sitt besøk er arrangert av Levande lokale, eit prosjekt som ynskjer å fremje typiske lærdalsprodukt.

– Dette er eit samarbeidsprosjekt. Saman med dei lokale ynskjer me å skape ekte produkt som kan synast på catwalken, seier Lowe-Holder.

Ho fortel om dei forskjellige produkta dei har ambisjonar om; alt frå kjolar til moteklede, pledd og genserar med trykk av lakseskinn.

– Men hovudmålet er å laga noko brukarvenleg og rimeleg, noko lærdølar kan selja til turistar, seier Lowe-Holder.

– Men dette er eit spanande prosjekt – me får sjå korleis det endar, legg ho til.

– Ein spanande vri på design

Blant dei mest entusiastiske som møtte opp var Hallvard Trohaug, tidlegare antikvar i Lærdal kommune. 

– Det nye prosjektet er skikkeleg spanande. Me diskuterte miljøvenleg produksjon og at gamalt og nytt design kan gå hand i hand. Å kombinere det lokale og historiske med det internasjonale og moderne er ein kjempeidé, seier Trohaug.

Sjølv har han med seg nokre stoff og fleire krukker med knappar.

– Det vert artig å sjå kva dei andre har tenkt. Slike samarbeid er kjekke, seier Trohaug.

LÆRERIKT: Hallvard Trohaug tykkjer det er interessant at prosjektet skal knyte saman gamalt og nytt. Han meiner, som antikvar, at dette er godt for handtverket. Foto: Josef Benoni Ness Tveit

Langsiktig prosjekt

Verkstaden denne helga er berre avsparket. Kvar dag neste veke og helg skal Lowe-Holder samle ivrige lærdølar til arbeid.

– Eg håpar berre å få ballen til å rulle. Etter denne veka vonar eg me har fleire prosjekt på gang, slik at me neste gong eg kjem har noko endå meir handfast å ta tak i, seier Lowe-Holder.

Seinare på våren skal tekstildesignaren koma att for å halde fram med produksjonen i Lærdal. Håpet er å ha nokre produkt klare til sumaren.

– Og med so entusiastiske folk trur eg ikkje det vert noko problem, seier Lowe-Holder.

POPULÆRT TILTAK: Kring tjue flittige kvinner og menn tok turen til Lærdal Kulturhus for å delta på workshop. Foto: Josef Benoni Ness Tveit
Til toppen