TILBAKE: Svindlarane som utgir seg for å vere frå Microsoft og vil ha tilgang til datamaskina di er tilbake. 
TILBAKE: Svindlarane som utgir seg for å vere frå Microsoft og vil ha tilgang til datamaskina di er tilbake. 

Microsoft-svindlarane er tilbake

Politiet: – Ikkje lat deg lure!

Årdal/Lærdal: Svindlarane som utgir seg for å ringe frå Microsoft er i gong att, skriv politiet på Twitter. 

Før jul var det fleire i fylket som opplevde å bli oppringt av personar som ville ha tilgang til datamaskina deira. Minst ein person vart lurt då han gsv vekk opplysningane sine til nettbanken.

– Microsoft ringer ikkje folk, det er heller omvendt. Så for all del, ikkje gjer slik dei seier, men legg på, sa operasjonsleiar Espen Gulliksen til Porten.no då.

No er altså svindlarane i gong att.

– No ringer dei frå ukjend nummer og snakkar flytande engelsk. Ikkje lat deg lure, er oppmodinga til politiet i Sogn og Fjordane på Twitter. 

Til toppen