LETT OG GODT: Ein fargerik salat fristar på ein varm dag. (Bilde: Carl Martin Nordby)

Middagstipset: Kald og hot

Denne thai-inspirerte salaten med mango, melon og kylling er skreddarsydd til årets varmaste dagar.

Om sommaren, når du ofte kjenner større behov for vatn enn næring, er det ekstra godt med vassmelon som ingrediens.

Vassmelonen inneheld imponerande 93 prosent vatn, og er dermed berre slått av agurken (96 prosent vatn) når det gjeld væskeinnhald.

VASSMELON: Skjer i store terningar. 
VASSMELON: Skjer i store terningar.  Foto: Carl Martin Nordby

Vassmelonane ein får kjøpt no om dagen, er søte og billige. Ofte har dei så små og mjuke steinar at dei ikkje sjenerer opplevinga av denne retten nemneverdig. Den nydelege raudfargen er veldig appetittleg, og saman med den gule mangoen og dei grøne urtene blir det berre velstand på fargefronten.

Dette er ein rett som er veldig enkel og rask å lage. Med låge skuldrer kan du hakke opp frukta og rive opp urtene, medan kyllinglåret ligg og grillar seg sprøtt på eiga hand.

Eg hiv gjerne melonen i kjøleskapet nokre timar før eg skal bruke han. Då held han seg lengre kald og sprø. Han vert først skrelt med ein kniv og deretter kutta opp i svært store terningar – vi snakkar om munnfullar, bitar på 3 centimeter som nærmast eksploderer i munnen når du tygg på dei.

Den spicy simsalabim-dressingen er like enkel som den er genial. Når kokosmassen er rista gyllen i ei panne, er det berre å helle alle ingrediensane i ei skål og røre rundt to gonger, så er han klar. Dressingen inneheld chilisausen Shriracha, men denne sausen kan gjerne erstattast med meir hakka chili. I spicy mat er det alltid godt med noko søtt, så eit par skeier sukker får bli med på moroa. Ingen dressing utan syre, her er det limesaft og ikkje den klassiske eddiken som tar den rolla.

Fishsauce er kanskje den ingrediensen i verda som fungerer best som smaksforsterkar. Den er ekstremt mykje brukt i Vietnam og Thailand. Sausen er laga av fermentert fisk og har ei moderat god lukt og smak aleine, men i dressingar og curryar er han heilt uunnverleg.

KYLLINGLÅR: Grill dei sjølv.
KYLLINGLÅR: Grill dei sjølv. Foto: Carl Martin Nordby

Når alt no ligg på fatet, kan denne salaten like gjerne toppast med grilla svinekjøt som kylling. Men BBQ-marinert kjøt og fisk trur eg at eg ville styrt unna her.

Framgangsmåte

Sommarsalat med melon, mango, kylling og kokos
Ingrediensar

4 kyllinglår med skinn

1 ss flaksalt

Salat:

1/2 liten vassmelon

1 moden mango

1 raud chili

1/2 potte friske mynteblad

1/2 potte frisk koriander

1/2 raudløk i tynne skiver

Spicy dressing:

5 ss kokosmasse

2 ss shriracha

2 ss sukker

5 ss fiskesaus

1 ts flaksalt

10 ss friskpressa limejuice

3 ss vatn

Kyllinglår: Bein ut kyllinglåra med ein liten kniv. La skinnet sitje på. Salt godt på begge sider, og la låra liggje ein halvtime viss du har tid. Då vil du få eit saftigare sluttresultat.

Grill kyllinglåra med skinnsida ned heile tida, til skinnet er dønn sprøtt som svor, men ikkje svidd! Dette føreset at du har ein kald og ein varm sone på grillen din. Låra må liggje sånn midt imellom for ikkje å svi seg, men heller ikkje bli slapt. Det pleier å ta minst 10 minutt. Det siste minuttet kan ein snu dei berre for å svi dei av lett på kjøtsida. Skjer låra opp i store bitar og legg dei med skinnsida opp på toppen av salaten.

Dressing: Rist kokosmassen til han er gyllen i ei varm, men tørr steikjepanne. Bland han med sukker, shriracha, fishsauce, salt, vatn og limejuice.

Salat: Skrell mangoen, melonen og raudløken. Melonen kuttast i terningar på 3x3 cm, mangoen i terningar på 2x2 cm. Raudløken skjer du i så tynne ringar du klarer. Finsnitt chilien. Skyl mynten og korianderen, rist av vatnet. Plukk urtene ved å fjerne dei grovaste stilkene, men behald blada heile.

Legg alt dette oppi ein bolle utan å røre i det før den spicy dressingen vert dømd over. No vender ein forsiktig rundt ein eller to gonger og serverer umiddelbart, med kyllingen på toppen.

(©NPK)

NVE: Meir regnflaum framover

Ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) vil det bli mellom 20 og 40 prosent auke i flaumvassføringa i fleire vassdrag dei neste 100 åra.

Til toppen