STØTTE: Dersom eit fagmiljø under Norsk Laksesenter kjem på plass i Lærdal, er det gode nyhende for Norsk Villakssenter. Nyleg fekk stiftinga midlar til å starta ei slik satsing i Tana, noko som er eit steg mot at løyvingar for tilsvarande satsing kan koma i Lærdal, noko som vil vera ei støtte for villakssenteret. Foto: Ole Ramshus Sælthun 

Midlar løyvd til prosjekt som kan styrkja villakssenteret

Eit stortingsfleirtal har sagt at Norsk Laksesenter skal opprettast og tre millionar er løyvd. På sikt kan dette styrkja villakssenteret i Lærdal.

Lærdal: – Norsk Laksesenter er tenkt utforma etter same modell som Norsk Villreinssenter. Det blir ein pararaplyorganisasjon med fleire lokasjonar, seier Alf Olsen jr.

Dei fire lokasjonane er Tana, Lyngna, Namsos og Lærdal. No har eit stortingsfleirtal sagt at eit slikt senter skal opprettast og tre millionar kroner er løyvd.

FAGMILJØ: Alf Olsen jr., styreleiar både i stiftinga Norsk Villakssenter og stiftinga Kunnskapssenteret for laks og vannmiljø, håpar løyvinga frå sentralt hald kan vera eit steg mot å få eit fagmiljø tilknytt Norsk Villakssenter. Arkivfoto

– Me startar med å få dette på plass i Tana, og har vidare ønskje om å få på plass tilsvarande dei andre stadene etter kvart. For å halda litt trykket på Lærdal, Lyngna og Namsos vil truleg ein liten del av midlane bli nytta her, forklarar Olsen, som er styreleiar både i stiftinga Norsk Villakssenter i Lærdal og stiftinga Kunnskapssenteret for laks og vannmiljø i Namsos.

Vil etablera små fagmiljø

Norsk Laksesenter skal vera eit verktøy i arbeidet for å bevara villaksen, ved at formidling av relevant kunnskap blir styrkja, regionalisert og gjort meir tilgjengeleg. Sentra er tenkt som ein samarbeidsarena for ulike aktørar med interesser knytt til villaksforvaltninga særskilt og laksen generelt. 

Les også: Nasjonal satsing på villaks

På sikt kan det også bli snakk om nye arbeidsplassar i Lærdal:

– Konkret er målet å etablera småe fagmiljø med to-tre tilsette alle dei fire plassane, då trengst to-tre millionar kroner per lokasjon. Dei må ha stabile rammer rundt seg for å kunne drive fagleg verksemd av høg kvalitet; dette er ei nasjonal satsing og senteret skal ta ei nasjonal rolle – vera eit ombod for villaksen, seier Olsen, og held fram: 

– Per i dag er det berre eitt større visningssenter der villaks blir synt fram; akvariet på senteret her i Lærdal. Det er etablert eit mindre visningsanlegg for laks knytt til laksetrappa forbi  Kvåsfossen i Lyngnavassdraget på Sørlandet.

– Sjølv om midlane som er løyvd no skal nyttast hovudsakleg i Tana, kan dette styrkja villakssenteret i Lærdal?

– Ja, på sikt kan det bli ei tilleggssatsing som støttar opp om aktiviteten elles på senteret.

Til toppen