SA STOPP: Medan han var på farten i valkampen, sa kroppen til Hilmar Høl (Ap) plutseleg stopp.

SA STOPP: Medan han var på farten i valkampen, sa kroppen til Hilmar Høl (Ap) plutseleg stopp. (Foto: Ina Eirin Eliassen)

Stortingsvalet 2017

Midt i valkampen sa kroppen plutseleg stopp for Hilmar Høl (Ap)

– Det var veldig ubehageleg, seier stortingskandidaten.

Årdal: Det var fredag før helga at Arbeidarpartiet sin andrekandidat til årets stortingsval plutseleg kjende på at asfalten gjekk opp og ned medan han køyrte bil, fortel NRK.

Ein tur på legevakta i Sandane venta før det bar av stad til Førde sentralsjukehus. Der venta det tre netter.

– Eg vart testa for alt – balansenerver, krystallsjuka og om det kunne vera slag, men eg var heilt frisk, seier årdølen.

Måtte støtte seg

Ap-leiaren opplevde det heile som dramatisk og at han aldri har vore borti liknande.

– Då eg gjekk ut av bilen, måtte eg støtta meg med stive føtter. Eg var sikker på at det var krystallsjuka, seier han.

Allereie same dag byrja han å kjenna seg betre, men måtte likevel liggja over fordi ein berre kan ta MR på vekedagane. 

– Eg fekk beskjed om å kvila nokre dagar, og no er påan igjen, smiler han.

Hektisk periode

Det er trass alt valkamp, og då er det lite tid til kvile. Høl kjempar no for å få veljarane i fylket til å røysta på hans parti. Vert det nok røyster, kan det fire år på Stortinget for årdølen.

– Det er klart at valkampar er tøft. Du blir riven og sliten i alle endar og prøver å tilfredsstilla så mange som mogleg. Det er eit stort fylke, der ein reiser til Måløy på dagstur, kanskje med ein stopp midt mellom hjå eit anna fylkeslag. Men eg er vorten litt flinkare på å ta det med ro og heller ta ei natt i staden for å reise heim. 

Til toppen