GJENNOMSLAG: Dette skal bli inntaket til Hatlestad kraftverk i Fjærland, eitt av seks nye kraftverk som etter planen skal vere i produksjon til nyttår. (Video: Norhard/Småkraft)
GJENNOMSLAG: Dette skal bli inntaket til Hatlestad kraftverk i Fjærland, eitt av seks nye kraftverk som etter planen skal vere i produksjon til nyttår. (Video: Norhard/Småkraft)

Milepåle for kraftutbygginga i Fjærland etter rekordboring

Etter fleire månader inne i fjellet kunne boret endeleg sjå dagens lys, 1532 meter frå utgangspunktet.

Fjærland: – Det er ein viktig milepåle for Hatlestad kraftverk. Det har vore knytt ein del spaning til om dei greidde å gjennomføre den boringa, seier Harald Fimreite, utbyggingssjef i Sognekraft.

Videoen dei har lagt ut på Facebook viser borekrona som nettopp har fått gjennomslag ved det framtidige inntaket til Hatlestad kraftverk, eitt av seks i Fjærland som skal bli sett i produksjon det komande halvåret.

REKORD: Utbyggingssjef Harald Fimreite i Sognekraft seier gjennomslaget for den rekordlange boringa er ein viktig milepåle for kraftverket i Fjærland.
REKORD: Utbyggingssjef Harald Fimreite i Sognekraft seier gjennomslaget for den rekordlange boringa er ein viktig milepåle for kraftverket i Fjærland.

Boringa har blitt styrt med GPS og etter ei 1532 meter lang ferd gjennom fjellet kom gjennomslaget 2,5 meter frå der dei hadde planlagt.

– Det er tilnærma innartiar, seier Fimreite.

Les også: Snart slepp kundane deira å lesa av straumen
Les også: Her er Sogndals første hurtigladestasjonar på plass

Under Facebook-videoen skryt Sognekraft og entreprenøren Norhard av at 1532 meter er verdsrekord for den typen boring. Høgst uoffisielt, vedgår Fimreite.

– Vi har ikkje brukt tid og ressursar på å avklare om det faktisk er rekord, men det høyrest jo fint ut då, seier han.

Det er uansett solid rekord for Norhard sitt vedkomande. Dei har strekt sin gamle rekord med 500 meter, og dei er blant dei fremste på denne typen arbeid i Norge.

Det som har vore utfordrande er trykket: Borestrengen er om lag 70 centimeter i diameter og knuser fjellet til små korn etter kvar som den roterer seg skrått oppover. Vatn blir pumpa ut i enden av krona og vatnet skyller med seg massane ut igjen takka vere høgdeforskjellen.

– Med så stor høgdeforskjell på krona og riggen som det er på dei siste metrane, så blir det temmeleg stort trykk på slangar og andre delar, seier Fimreite.

Sognekraft startar å fylle vatn på det første kraftverket, Lidal kraftverk, om eit par veker. Sidan kjem dei i drift på rekkje og rad utover hausten. Målet er at alle seks skal vere i produksjon til årsskiftet. Då vil dei produsere omlag 115 gigawatt-timar, eller tilsvarande forbruket til omlag 4500 husstandar.

Til toppen