ØKONOMISK MILJØSMELL: Over førti prosent av skipa som har bestilt anløp til Flåm neste sommar kan få problem med å innfri dei nye miljøkrava. Illustrasjonsfoto
ØKONOMISK MILJØSMELL: Over førti prosent av skipa som har bestilt anløp til Flåm neste sommar kan få problem med å innfri dei nye miljøkrava. Illustrasjonsfoto

Miljøkrav kan i verste fall kosta Flåm 80 millionar neste år

Dei første kanselleringane har allereie kome inn.

Aurland: – Av dei 174 skipa som har bestilt anløp i Flåm neste sommar så kan potensielt 76 skip få trøbbel med å innfri miljøkrava, seier assisterande hamnesjef Jon Olav Stedje til Aurlendingen.

Får han rett vil dette bety 91 000 færre cruisepassasjerar til Flåm i 2020 og eit potensielt tap for næringslivet på 80 millionar kroner.

Førebels har eitt skip avbestilt sju planlagde anløp til Flåm neste sommar, opplyser Stedje til avisa.

Noko av tapet vil truleg bli kompensert ved at cruiseskipa slepp av passasjerane i nærleiken og i staden bussar dei inn til Flåm.

– Me opplever no at det vert førespurt om moglege hamneplass utanfor verdsarvområdet. Det nemnde skipet som har avbestilt sju anløp i Flåm neste sommar, vurderer no om dei kan gå til Vik, seier Stedje til Aurlendingen.

Han fryktar miljøgevinsten av innskjerpingane vil bli minimal, dersom resultatet blir at cruisetrafikken berre blir flytta til andre hamner, medan busstrafikken inn og ut av Flåm aukar.

Til toppen