Aurland: Politikarane i Aurland vart under kommunestyret i dag oppmoda om støtta konsesjonshandsaming av flaumdempande tiltak i Flåmselvi.
Målet er å få vurdert ulike alternative grep som kan hindre at liv går tapt om dei kjem ein ny og enno større flaum enn den som råka bygda i for to år sidan.

Miljøpartiet Dei Grøne er skeptiske til forslaga, som mellom anna går ut på å auke tappekapasiteten i Klevevatn, samt å byggje ein flaumttunnel over til Viddalsmagasinet.
– Her er det varige verdiar og urørt natur som står på spel. Kraftubygginga står i fare for å fjerna dei med eit pennestrøk, sa Anders Fretheim (MDG) frå talarstolen.
Les også: No vil dei bu Flåm på 200-årsflaumen
Også Terje Horvei i Venstre er skeptisk.
– Ingen er imot å sikra Flåm mot framtidige flaumar. Men eg tillet meg å stilla spørsmål ved om tiltaka som ligg framfor oss er dei riktige å ta fat på, sa han.
Fleirtalet i kommunestyret verka derimot positivit innstilte til at Olje og energidepartementet no skal vurdere om kommunen får starte konsesjonshandsaminga.
Johannes Dalsbotten (H) påpeikte at ein slik prosess var naudsynt for å få fram både positive og negative sider ved dei ulike inngrepa.
– Med prognosane som er, spesielt i nedre del av Flåmselvi, så er det vår plikt å sjå på korleis me kan hindra katastrofar i framtida, sa han.