LITEN SMEKK: Både dagleg leiar Ørjan Bøyum i Akraft og Terje Nævdal i Sognekraft må punge ut for milliardsmellen til kraftspekulanten Einar Aas.
LITEN SMEKK: Både dagleg leiar Ørjan Bøyum i Akraft og Terje Nævdal i Sognekraft må punge ut for milliardsmellen til kraftspekulanten Einar Aas. (Foto: Montasje/arkiv)

Milliardsmellen på kraftbørsen får ringverknader òg i Sogn

Men dei heilt store tapa er det ikkje snakk om for dei lokale energiselskapa.

Indre Sogn: Fleire norske selskap, som Statkraft, BKK og Agder Energi, må ut med titals millionar kroner kvar for å dekka den mykje omtala milliardsmellen til kraftspekulanten Einar Aas.

Fleire energiselskap i Sogn blir òg råka, men det er snakk om småsummar samanlikna med dei store aktørane.

– Me har måtta gå inn med marginale tap. Det har ikkje kosta oss så veldig mykje, seier Ørjan Bøyum, dagleg leiar i Lærdal Energi.

Heldige med «taiminga»

For deira del er er det snakk om under 200.000 kroner, men tapet kunne fort vore større.

– Me òg har hatt store posisjonar på børsen, men i 2018 har me handla mykje bilateralt, seier Bøyum.

Bilateralt i denne samanhengen vil seia å handla straum via ein annan part, og ikkje direkte på kraftbørsen.

For å handla straum på børsen er det krav at du spyttar inn ein viss sum til eit garantifond. Summen varierer utifrå kor mykje du handlar for, og skal i utgangspunktet dekka eventuelt eigne tap.

– Det skal ikkje vera mogleg å påføra andre tap, for du skal ikkje ha posisjonar som du ikkje kan dekka tapa på sjølv, seier Bøyum.

Ser fram til gransking

Sjølv om tapa deira er små, stussar han over at veddemålet til ein mann kan få slike ringverknader.

– Korleis dette kan ha skjedd, det veit eg ikkje. Eg er spent på den granskinga eg reknar med vil koma, seier Bøyum.

Sognekraft vil ikkje ut med kor mykje dei har tapt, anna enn at det er snakk om «eit særs avgrensa beløp».

Årdal Energi opplyser at dei handlar via Hydro, og dermed heilt har unngått tap. Det same gjeld Aurland Energiverk, som handlar lokal konsesjonskraft frå eigen kommune.

Luster Energiverk opplyser at dei har tapt under hundre tusen.

– Det er dei store som er råka, seier e-verkssjef Anders Molland.

Til toppen