FORSKING: – Me treng at meir forsking blir gjort om til butikk. Dette er prosjekt som vil kunne gi nye produkt og tenester i nytt næringsliv, og omstilling og fornying i det etablerte, seier næringsminister Monica Mæland. Biletet er tatt då ho besøkte Årdal Metallverk i fjor. Foto: 

Millionar til forsking

Forskningsrådet har delt ut ein halv milliard kroner til 50 bedrifter, mellom anna NorSun og Hydro.

Årdal: Totalt 532 millionar kroner skal fordelast på 50 forskingsprosjekt. Pengane kjem frå Forskningsrådet sitt største program for næringslivet, Brukerstyrt innovasjonsarena.

Det var 181 bedrifter som søkte på midlar, der 50 fekk innvilga søknaden sin. Mellom desse finn ein Hydro og NorSun. I snitt får kvar bedrift rundt 10,5 millionar kroner, som vert fordelt på fire år.

– Me treng at meir forsking blir gjort om til butikk. Dette er prosjekt som vil kunne gi nye produkt og tenester i nytt næringsliv, og omstilling og fornying i det etablerte, seier næringsminister Monica Mæland i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under biletet.

FÅR STØTTE: NorSun er ei av to bedrifter i Årdal som får millionar av kroner frå Forskningsrådet til forskingsprosjekt.
FÅR STØTTE: NorSun er ei av to bedrifter i Årdal som får millionar av kroner frå Forskningsrådet til forskingsprosjekt.

Auka vilje

Administrerande direktør i Forskningsrådet, Arvid Hallén, seier dei mottok 33 prosent fleire søknader i år.

– Dette viser ein auka vilje i næringslivet til å bruka forskning for å skapa innovasjon. Dette er viktig og naudsynt for at me skal hevda oss innan næringar som blir meir og meir kunnskapsbaserte, seier han.

 Vi mottok 33 prosent flere søknader i år. Det viser en økt vilje i næringslivet til å bruke forskning for å skape innovasjon. Dette er viktig og nødvendig for at vi skal hevde oss innen næringer som blir mer og mer kunnskapsbaserte, sier administrerende direktør Arvid Hallén i Forskningsrådet.

På ti år har BIA-programmet ført til 900 nye produkt og 160 bedrifter. Programmet vinansierer samarbeidsprosjekt mellom bedrifter og offentleg finansierte forskingsmiljø. Det er bedriftene sjølv som har regien på forskings- og utviklingsarbeidet.

Til toppen