RASMIDLAR: I statsbudsjettet for 2017 vert det løyvd pengar til mellom anna ein skredvoll langs E16 i Aurland. I sommar datt det svære steinar og traff E16 i Gudvangen. Arkivfoto: Arne Veum. 
RASMIDLAR: I statsbudsjettet for 2017 vert det løyvd pengar til mellom anna ein skredvoll langs E16 i Aurland. I sommar datt det svære steinar og traff E16 i Gudvangen. Arkivfoto: Arne Veum. 

Millionar til skredsikring av sognevegar

I statsbudsjettet for 2017 vert det løyvd pengar til mellom anna ein skredvoll langs E16 i Aurland. 

Aurland: Det går fram av ein planlagt budsjettlekkasje frå regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet. I pressemeldinga kan dei fortelje at det skal prioriterast 667 millionar kroner til skredsikring av Vik-Vangsnes.

Det vert også sett av midlar til å rassikre strekninga mellom Flenjatunnelen og avkøyringa til Flåm på E16. 

For prosjektet i Aurland skal det setjast opp ein rasvoll som skal hindra massar som kjem ned i vegbana. 

– Dette er eit viktig tiltak på ein utsett strekning, seier Høgre-ordførar i Aurland Noralv Distad, som også er leiar av samferdsleutvalet i fylket.

Det andre store prosjektet er rassikring av riksveg 13 mellom Vik og Vangsnes. Her vert det lagt opp til anleggsstart i slutten av 2017 og ferdigstilling i 2017. Prosjektet omfattar 3,8 kilometer ny veg, inkludert ein tre kilometer lang tunnel på den mest rasutsette delen.

Distad er glad for at det vert sikra mot ras også her. 

– Sogn og Fjordane har eit stort behov for rassikring, både av riksvegar og fylkesvegar. Eg er glad for at regjeringa prioriterer tryggare vegar og ikkje minst at dei løyver midlar til konkrete rassikringsprosjekt i vårt fylke.

Til toppen