MILLIONKONTRAKT: Impec i Årdal har sikra seg kontraktar verdt 70 millionar kroner. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
MILLIONKONTRAKT: Impec i Årdal har sikra seg kontraktar verdt 70 millionar kroner. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Millionkontraktar for Impec

Impec i Årdal har sikra seg kontraktar verdt 70 millionar kroner. 

Årdal: Det er Sogn Avis som skriv dette torsdag. Kontraktane er inngått med smelteverka Alcoa Fjardaal på Island, Emirates aluminium i Abu Dhabi og Hydro sitt pilotanlegg på Karmøy.

Til avisa seier dagleg leiar Ståle Øvstetun at dette vil styrke deira posisjon i aluminiumsindustrien.

– Absolutt. No har me brukt 15 år på marknadsføring og for å koma oss i den posisjonen at me kan bli ein aktør på verdsbasis, seier han. 

Til toppen