Lærdal: Lærdal Grønt har fått 1,1 millionar kroner i støtte frå Innovasjon Norge. Dagleg leiar i bedrifta, Harald Blaaflat Mundal, skildrar støtten som viktig.
– Ofte er det slik med utviklingsprosjekt at kostnadene kjem først og pengane etterpå. Når ein då får hjelp utanfrå, er det lettare å bruke tid og pengar på det sjølv også, seier han til Porten.no.
– Det viser også at dei har tru på at me skal få til det me prøver på, og det er viktig, legg han til.
Innovasjon Norge støttar altså det dei skildrar som nybrotsarbeid med 1,1 millionar kroner i 2017 og 2018.
Passerer 80 millionar i omsetnad
Det er 40 hagebruksprodusentar i Lærdal, og dei er mellom dei fremste utviklingsaktørane i hagebruksnæringa i heile landet. I 2016 omset dei for om lag 80 millionar kroner.
– Me ligg langt føre skjema og har hatt ein voldsom bra sesong i år. Alt klaffa nesten, så det er ikkje sikkert me klarar det neste år, men me er heilt klart på god veg, seier Mundal.
– Det viktigaste er at me har tru på det me driv med og vil satse vidare. Då er det viktig med slike tildelingar fordi det gir produsentane tru på at me at me er på rett veg.
Utvikle organisasjon, marknad og produkt
«Dette er berekraftig på alle måtar og all verdiskaping blir att hjå bonden,» skriv Innovasjon Norge.
Pengane skal nyttast til å leite etter nye produkt og marknader som ein kan utvikle saman med kundane til Lærdal Grønt.
– I tillegg må me utvikle organisasjonen vår. Viss me omset for 100 millionar kroner i 2020, må me ha ein organisasjon som er budd på å handtere det. Då må ein ha dei rette funksjonane internt.