Asyl: UDI avlyser derfor nokre av dei regionale konkurransane for å få ordinære mottak.
Dette er gjeld ikkje mottaket for mindreårige asylsøkjarar som Lærdal, dette gjeld ordinære mottak.
97 tilbod
UDI avslutta 20. mai 2016 seks regionale konkurransar for å skaffa nye ordinære mottak. Tilbodsfristen i konkurransane var 11. april og det kom inn i alt 97 tilbod.
I og med dei låge ankomstane av asylsøkjerar, avlyser UDI konkurransane i regionane Nord, Indre Østland og Sør. Det vil bli tildelt kontraktar i regionane Aust og Vest.
Region Midt-Noreg har allereie tildelt kontraktar i sin konkurranse.
UDI Regionkontor Vest fekk inn 32 tilbud innan fristen.
Desse får kontrakt:
1. Hero Norge AS, 170 plasser i Stord kommune
2. Hero Norge AS, 220 plasser i Haugesund kommune
3. Norsk Folkehjelp, 140 plasser i Radøy kommune
4. Abri Vekst AS, 150 plasser i Sandnes kommune
5. Abri Vekst AS, 150 plasser i Sola kommune
Totalt utgjer dette 830 plasser i regionen.
– Det er færre plassar enn planlagt, men me er glade for at me får vidareføre avtalar med veletablerte operatørar samstundes som me får inn ein ny operatør på drift av ordinære mottak, seier fungerande direktør ved UDI Regionkontor Vest, Sissel Mehammer i ei pressemelding.