MINDRE BRUK: I fjor var det for første gong ein nedgang i bruk av lakselusmiddel viser tal frå Folkehelseinstituttet.​ Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix / NPK.
MINDRE BRUK: I fjor var det for første gong ein nedgang i bruk av lakselusmiddel viser tal frå Folkehelseinstituttet.​ Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix / NPK.

Mindre bruk av lakselusmiddel

I fjor var det for første gong ein nedgang i bruk av lakselusmiddel viser tal frå Folkehelseinstituttet.

Lærdal: – Sjølv om reduksjonen er stor, er forbruket framleis høgt. Vi forventar at oppdrettarane held fram utviklinga mot ein mest mogleg medikamentfri kamp mot lakselus. Likevel må dei sørgje for at dei nye metodane ikkje går utover fiskevelferda, seier Elisabeth Wilmann, direktør i avdeling fisk og sjømat i Mattilsynet i ei pressemelding.

Andre metodar

Forbruket av lakselusmiddel har vore høgt sidan 2009. I fjor gjekk forbruket derimot kraftig ned sidan oppdrettarane i større grad brukar ikkje-medikamentelle metodar for å få bukt med lakselusa.

Tala frå Folkehelseinstituttet viser ein nedgang for alle middel bortsett frå teflubenzuron. Det var færre behandlingar med teflubenzuron, men auken kjem av at det blei brukt på større fisk, og då må oppdrettarane bruke større dosar. Bruken av hydrogenperoksid er redusert med 40 prosent. Hydrogenperoksid vert brukt både mot lakselus og mot amøbegjellesjuke.

Info nyttar

Mattilsynet gjennomfører no ein tilsynskampanje retta mot bruken av legemiddel i oppdrettsnæringa. Målet er å sikre forsvarleg bruk av legemiddel og gjere aktørane medvitne om ansvar sitt for dette.

– Vi er ikkje ferdige, men vi ser allereie konkrete resultat av kampanjen. Bruken av fleire middel samtidig, såkalla kombinasjonsbehandlingar, har gått kraftig ned. I tillegg har informasjon og rettleiing ført til at bruken har blitt meir riktig og i mange tilfelle redusert, fortel Wilmann.

(©NPK)

Til toppen