BRANN I HUS: Brannen vart meldt like etter klokka 12.11. Klokka 13.07 melde politiet at den var slukka.
BRANN I HUS: Brannen vart meldt like etter klokka 12.11. Klokka 13.07 melde politiet at den var slukka.

Ein person måtte til lege etter husbrann

Mindre brann vart kjapt slukka i Sogndal. Politiet er på staden.

Sogndal: Klokka 12.11 fekk politiet melding om ein mindre brann i ein einebustad på Stedje i Sogndal. Brannen er no slukka.

– Patruljen er på staden og føretek undersøkingar. Brannen vart rimeleg raskt slukka. Ein vaksen mann får tilsyn av helsevesen på staden, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen ved alarmsentralen i Vest politidistrikt.

Politiet kan enno ikkje seia nok om kor alvorleg skada mannen eventuelt er.

Ifølgje NRK brann det rundt komfyren. Det var ein person i bustaden og vedkomande sløkte brannen sjølv.

Saka blir oppdatert.

Til toppen