Mindre korpsmusikk på Årdalstangen 1. mai

Mindre korpsmusikk på Årdalstangen 1. mai

Innbyggjarane på Årdalstangen vil ikkje bli vekt av korpsmusikk før salutt og flaggheisinga under årets 1. mai.

Årdalstangen Musikklag skriv på si heimeside at dei må kutte ut ein gamal tradisjon denne 1. mai. Vanlegvis spelar korpset under eit morgontog og på sjukeheimen i Seimsdalen, men i år blir det ikkje slik.

Årsaka er at arbeidsgjevarar til skift- og turnusarbeidande korpsmusikantar ikkje lenger vil gi desse fri med løn.

Forståing

– I takt med tida er dette ei ordning som har endra eg. Me forstår godt arbeidsgjevarane som ikkje kan gi full dekking av løn. Likeins forstår me godt at det ikkje er like greitt for dei det gjeld, å tape økonomisk på å stille opp på 1. mai, skriv korpset på si heimeside. 

LES OGSÅ: 90 år med korpsmusikk skal feirast

– Korpset har heller ikkje økonomi til å dekke lønstapet all den stund me korkje tek eller ynskjer å ta honorar for å stille opp på slike speleoppdrag.

1. mai har ein sterk posisjon i årdalssamfunnet, og går ein endå lenger tilbake i tid var denne dagen like travel som 17. mai med morgontog, barnetog, demonstrasjonstog og speling på folkefesten om kvelden.

Vemodig å avlyse hagekonserten

Dei seinare åra oppslutnaden gradvis forsvunne, slik som elles i landet. På slutten av 1990-åra spelte musikklaget på Årdalstangen berre til faggheis og i demonstrasjonstoget.

– Tradisjonen med morgontoget me tok opp att tidleg på 2000-talet, var vårt forsøk på å lokke fleire ut på morgonen til salutt og flaggheis. Me har opplevd den negative utviklinga i oppslutnad om dagen på kroppen, og dei siste åra har det knapt møtt folk utover dei som heisar flagga framfor rådhuset.

– Difor er det ikkje så vanskeleg å avlyse vårt bidrag på morgonen i år. Langt vanskelegare er det når det gjeld hagekonserten på sjukeheimen i Seimsdalen som har vorte ein tradisjon. Den skal me nok ta att ein dag seinare før me tek sommarferie.

Til toppen