JULA: Mennene får lov til å kjøpa juletre, men kvinnene vil bestemma korleis det skal sjå ut og korleis det skal pyntast, viser forsking. Illustrasjonsfoto
JULA: Mennene får lov til å kjøpa juletre, men kvinnene vil bestemma korleis det skal sjå ut og korleis det skal pyntast, viser forsking. Illustrasjonsfoto

Mindre likestilling i jula

I desember er det kvinnene som rår grunnen i heimen. Dei er heller ikkje så villige til å sleppa mennene til, viser ny forsking.

– Eg har funne ut at kvinner er administrerande direktørar og sekretærar i heimen i desember, altså er det dei som koordiner oppgåvene som skal utførast. Difor er julemånaden den minst likestilte månaden, seier stipendiat ved NTNU, Kristine Warhuus Smeby til NRK.

Ho arbeider med ein doktorgrad om likestilling og har intervjua tretten foreldrepar i 30-40-årsalderen.

Trass i at alle para arbeidde fulltid og ønskte ei lik arbeidsfordeling i heimen, viser undersøkinga at det er kvinnene som ordnar det meste til jul. Men det er ikkje nødvendigvis på grunn av at mennene ikkje vil hjelpa til, men fordi kvinnene sjølve vil ha kontroll.

– Dei vil til dømes pynta sjølve og bestemma kva slags «stil» familien skal stå for, seier forskaren.

– Men mannen kan få hjelpa til ved til dømes å skriva julekort, men då på «oppdrag» frå kvinna, seier Warhuus Smeby.

Når det gjeld julemiddagen er derimot kvinnene meir villige til å gje frå seg ansvaret. Trenden er at stadig fleire menn både får handla inn og ta ansvar for å laga festmåltidet.

Mennene får også lov til å kjøpa juletre, men det må godkjennast av kona. Det er også ho som bestemmer korleis det skal pyntast.

(©NPK)

Til toppen