MINDRE FARE: NVE har nedjustert faren for flaum og skred til gult nivå. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes. 
MINDRE FARE: NVE har nedjustert faren for flaum og skred til gult nivå. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes. 

Mindre regn enn venta – justerer ned farevarsel

Det var venta stor fare for både flaum og skred. Mindre regn enn venta gjer at NVE justerer ned varselet.

Sogn: Varselet for både flaum og skred vart i 10.30 i dag nedjustert frå oransje til gult nivå, det nest lågaste farenivået.

Laurdagen vil uansett bli våt. Det er venta opp mot 40 milimeter nedbør frå laurdag morgon fram til laurdag kveld. Mesteparten av nedbøren vil koma i form av regn, skriv NVE på varsom.no.

Vassføringa i elvane er venta å minka frå laurdag kveld, etter kvart som nedbøren minkar og temperaturen er forventa å synka frå laurdag kveld.

Varselet om stor snøskredfare i Indre Sogn står framleis ved lag. Det er forventa at nokre store skred vil bli utløyste av seg sjølv og at nokre av dei kan nå ned til veg og busetnad.

Folk blir oppmoda om å halda seg unna terreng brattare enn tretti grader, samt såkalla utløpssoner for skred.

Til toppen