IKKJE MYKJE Q5: Porsche Macan deler noko av teknikken med Audi Q5, men designet deler han ikkje. Foto: Jan Harry Svendsen
IKKJE MYKJE Q5: Porsche Macan deler noko av teknikken med Audi Q5, men designet deler han ikkje. Foto: Jan Harry Svendsen

Mindre SUV, meir sport

 Luksus-SUV-en Cayenne vart ein gedigen suksess for Porsche. Med Macan blir tradisjonen ført vidare i ein litt mindre bil.

  • Endret

Det var krise i Porsche. Heilt til Cayenne kom. Rett nok vart han hata av entusiastane, men alle andre elska han for køyreeigenskapane og det sportslege. Cayenne vart oppturen Porsche trong.

SPORTSLEG: Førarmiljøet er sportsleg i Macan. 
SPORTSLEG: Førarmiljøet er sportsleg i Macan. 

Difor var det heller ikkje uventa at Porsche lanserte ein bil som Macan. Han er mindre enn Cayenne, og med det også rimelegare. Faktisk deler bilen mykje av teknologien med Audi Q5.

Lågare

Porsche og Audi høyrer begge til det mektige Volkswagen-konsernet. Det blir lånt motorar, chassis og drivlinjer på tvers av merka. Til dømes vart Cayenne utvikla i samarbeid med Volkswagen og deler mykje av teknologien sin med Touraeg. Slik er det også for Macan. For kvifor skal ein eigentleg utvikla alt på nytt når Audi har ein Q5?

Porsche går likevel ikkje med på at Macan er ein oppgradert Q5, ettersom under halvparten av delane er dei same i Macan og Q5. Akselavstanden er lik, men Macan er både lågare og lengre – samtidig som føraren sit lågare i bilen. Det er viktig for sportskjensla.

 SKRÅ: Bakluka skrår framover, det avgrensar bagasjeplassen. 
 SKRÅ: Bakluka skrår framover, det avgrensar bagasjeplassen. 

400 hestekrefter

Og sportsleg er han. Spesielt toppmodellen. Frå eit slagvolum på 3,6 liter yt den turbolada V6-aren heile 400 hestekrefter. Det merkar ein både på forbruk og på korleis bilen oppfører seg ute på vegen. Macan er kanskje det mest sportslege du kan kjøpa av SUV-ar i dag, og definitivt langt meir kompetent enn Cayenne som lenge har vore målestokken når det gjeld sportslege SUV-ar.

Den kjappe toklutsjkassen smell gira på plass, og på berre 4,7 sekund akselererer bilen frå 0 til 100 kilometer i timen. Samtidig er firehjulsdrifta sett opp slik at ho sender mest krefter til bakhjula.

Arv frå 911

Bak rattet er det typisk Porsche. Dei tre instrumenta, der turteljaren sit i midten, er ein arv frå 911 – og på den venstre sida sit som vanleg tenninga. Oversikta frå førarplassen er god, og finishen er i ein særklasse. Berre alle knappane på midtkonsollen verkar unødvendige og krev tilvenning.

KNAPPAR: Det er mange knappar rundt girspaka i Macan. Du venner deg til det, men i byrjinga er det rotete. 
KNAPPAR: Det er mange knappar rundt girspaka i Macan. Du venner deg til det, men i byrjinga er det rotete. 

Ein sit lågt og sportsleg i Macan, og det er lett å finna ein komfortabel køyrestilling. På svingete småvegar gir seta god støtte, og det vesle rattet ligg godt i hendene.

Kolibriegg

I «Sport Plus» blir Macan aggressiv og rask. Styringa er presis, og bilen krenger lite. Grepet er godt, og til å vera ein SUV har bilen imponerande køyreeigenskapar. Her inne i skogane er det akkurat som om han kryp saman – som om han hentar ut alt sportsleg DNA av Porsche-logoen på panseret og gjer sitt beste for å leva opp til namnet. Det klarer han, men kreftene og ytinga til trass – han kan aldri konkurrera med dei meir reindyrka sportsbilane frå merket.

Men det skal han heller ikkje. Macan skal vera eit kolibriegg. Han skal fungera like godt til jobben, til butikken, på motorveg og på krokete landevegar.

Mangfald kostar

Få bilar kan konkurrera med Macan om å levera ein meir mangfaldig pakke. Dei som søkjer luksus, finn det her. Det gjer også dei som søkjer status. Sjølv dei som vel å ta den lengste vegen heim, vil bli nøgde med ein Macan i garasjen.

SKJENER I GOLVET: Bagasjerommet i Macan tek 500 liter. Det er 40 liter mindre enn ein Audi Q5 klarer. 
SKJENER I GOLVET: Bagasjerommet i Macan tek 500 liter. Det er 40 liter mindre enn ein Audi Q5 klarer. 

Men på eitt punkt klarer han ikkje å tukta Audien han deler noko av teknologien med: for på riktig sportsbilsmanér er Macan trong. Plassen i baksetet er ikkje mykje å skryta av, og den skrå bakluka set grenser for plassen i bagasjerommet.

Og så er det prisen. For mens toppmodellen av Audi Q5, SQ5, framleis ligg under millionen, er ikkje det tilfellet for Macan Turbo. Heile 1.419.000 kroner kostar bilen. Difor blir turboutgåva for dei få. Men det finst ein billegare veg til turbolada Macan. Med diesel på tanken kostar han 855.900 kroner. Men då må du nøya deg med 211 hestekrefter frå ein tre liters stor dieselmotor.

(©NPK)

Til toppen