– Den tørre hausten gav oss betydeleg mindre vatn til å produsere elektrisk energi samanlikna med 2016. Sjølv om vi med klimaendringar forventa gradvis meir nedbør over tid, kan vi ikkje forvente nye rekordar kvart år, seier Vassdrags- og Energidirektør Per Sanderud i ei nyheitssak på heimesidene til NVE.
Kraftprisen i snitt for dei fem norske kraftprisområda blei 27 øre/kWh for første kvartal i 2017. Det er ein auke på 24 prosent samanlikna med kraftprisane for første kvartal i 2016.
Kolprisen har auka med omtrent 70 prosent i snitt for første kvartal 2017 samanlikna med fjoråret. Krafthandelen med utlandet har difor vore dyrare i år og har indirekte auka dei norske kraftprisane, skriv NVE.
For eit vanleg hushald som bruker 20.000 kWh i året utgjer prisstiginga i overkant av 500 kroner på straumrekninga samanlikna med fjoråret.