SKUFFA GJENG: Karin Vikane (H), Christen Knagenhjelm (V), Idar Reuss Kollsete og Rita Navarsete (begge Frp) konstanterer at den samla fronten for å auke vegpotten ikkje nådde fram.
SKUFFA GJENG: Karin Vikane (H), Christen Knagenhjelm (V), Idar Reuss Kollsete og Rita Navarsete (begge Frp) konstanterer at den samla fronten for å auke vegpotten ikkje nådde fram.

Mindretalet fekk ikkje gjennomslag for auka vegpott​

– Eg er utruleg skuffa på vegner av innbyggjarane, seier Frp-politikar i Sogndal.

Sogndal: – Eg trur nesten det er historisk, sa Idar Reuss Kollsete (Frp) då han gjekk på talarstolen i kommunestyresalen i Sogndal i dag tysdag.

Han refererte då til den uvanleg samla fronten Frp, H, V og Krf hadde greidd å stable på beina i spørsmålet om kva rekordoverskotet i kommuneøkonomien på 19,5 millionar skal brukast til.

Den største forskjellen frå prioriteringane til fleirtalet i Ap, Sp og SV var 3 millionar ekstra til flyktningefondet og 4,5 millionar ekstra til vegvedlikehald. I tillegg ville mindretalet gje ein halv million meir til vedlikehald av kommunale bygg, ein halv million til vedlikehald av kyrkjer, ein knapp million til planlegging av ny kyrkje på Kaupanger og nesten den same summen til fleire gatelys.

FEKK FLEIRTALET: Ap, Sp og SV, med ordførar Jarle Aarvoll (Ap) i spissen utgjorde eit solid fleirtal som heller ville prioritere ny barnehage enn vegvedlikehald.
FEKK FLEIRTALET: Ap, Sp og SV, med ordførar Jarle Aarvoll (Ap) i spissen utgjorde eit solid fleirtal som heller ville prioritere ny barnehage enn vegvedlikehald.

Men fleirtalsframlegget, den same som tilrådinga frå formannskapet, vart ståande med seksten mot ni stemmer.

– Med eit slikt overskot så burde innbyggjarane ha fått såpass tilbake at det syner att. Det gjer det absolutt ikkje denne gongen, det dei har vedteke no er sandpåstrøing. Dei vedtok ein million til asfaltering i fjor òg og det rakk til hundre meter borti gata her, seier Reuss Kollsete.

– Eg er utruleg skuffa på vegne av innbyggjarane, held han fram.

Gåvepakka ville dei finansiere ved å sette av nokre millionar mindre i disposisjonsfond til framtidig barnehagebygging og ved å finansiere vidare fjordstiutbygging med lån, ikkje ved å ta av overskotet i kommunen. 

Karin Vikane i Høgre seier dei vart med på forslagslista til Frp så lenge flyktningefondet vart spart. 

– Då var det greitt for oss. Til liks med Frp var me samde om at eit så godt overskot må koma innbyggjarane våre til gode, seier ho.

Ordførar Jarle Aarvoll seier han gjerne skulle ha løyvd meir til vegutbetringar, men at det denne gongen var viktigast for fleirtalet å sette av ni millionar til framtidig barnehageutbygging.

– Det er trong for alt, men så må ein prioritera. Slik er politikken, seier han.

Til toppen