TILLIT MED MINST MOGLEG MARGIN: Rådmann Jostein Aanestad fekk i dag tillit frå eit knappast mogleg fleirtal i kommunestyret. Det vart likevel bestemt at ein setterådmann skal handtera barnevernssaka vidare. Foto: arkiv.
TILLIT MED MINST MOGLEG MARGIN: Rådmann Jostein Aanestad fekk i dag tillit frå eit knappast mogleg fleirtal i kommunestyret. Det vart likevel bestemt at ein setterådmann skal handtera barnevernssaka vidare. Foto: arkiv. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Mindretalet reiste mistillitsforlag mot rådmannen – fall med ei stemmes margin

Samtidig bestemte kommunestyret i Sogndal i dag at ein setterådmann skal handtera den betente barnvernssaka vidare.

Sogndal: På eit ekstraordinært kommunestyremøte i dag reiste Høgre på vegne av seg sjølv Krf, Venstre og Frp mistillitsforslag mot rådmannen. Forslaget fell med minst mogleg margin, tretten mot tolv stemmer (to Frp, fire Høgre, to Venstre, ei KrF, tre Sp).

– Me klarte ikkje å halda oss lenger. Rådmannen som øvste administrative leiar har ikkje teke problema på alvor og har latt det gå nesten ti år før det vart orden i barnevernet, seier Arne Glenn Flåten (H) etter møtet.

– Det er aldri kjekt å få eit misttillitsforslag i kommunestyret, men det blei stilt og røysta over. Eg er veldig glad for at eit fleirtal i kommunestyret har tillit til rådmannen i Sogndal. Eg er særleg glad for at kommunestyret samrøystes uttrykker tillit til den barnevernstenesta vi har i dag, seier rådmann Jostein Aanestad.

KRITISK: Arne Glenn Flåten (H) er kritisk til både eigen rådmann og partia SV og Ap for måten dei har handtert dei tidlegare konfliktane i Sogn barnevern. Bilde: Halvor Farsund Storvik

– I politikken så må ein ha respekt for ulike syn for å finna løysing på ei sak. Eg trur ikkje løysinga på ein krevande situasjon, som dette har vore, er å plassera alt ansvar ein stad, ta vedkomande vekk frå jobben og tru at det er svaret, seier ordførar Jarle Aarvoll (Ap).

Meiner rådmannen har gitt villeiande informasjon

I kontrollutvalet si innstilling til saka kjem det fram at kommunen framleis manglar rutinar for å handtera konfliktar. Kommunen får òg kritikk for å ha somla i handsaming av varsel og for at dei ikkje har gått djupt nok inn i varsla til å få dei avklara. Kontrollutvalet meiner òg tre konkrete varslingssaker omtalte i rapporten bør vurderast på nytt.

Flåten meiner dette viser at rådmannen har gitt usann og villeiande informasjon om barnevernet ved fleire høve dei siste åra.

– Han har informert oss og nabokommunane om at alt er på stell i barnevernet, når det ikkje har vore det. Det er me ikkje begeistra for i det heile tatt, seier Flåten.

Den påstanden meiner rådmannen ikkje er riktig.

– Eg har i 2016 og før det orientert om at me har hatt eit dårleg arbeidsmiljø. Eg har gjennom 2016 orientert om at me har hatt betring i arbeidsmiljøet, men at det framleis var utfordringar i tenesta, noko blant anna dette tilsynet frå Fylkesmannen viste. Eg har tydeleg skilt mellom endringar i arbeidsmiljøet og tenesteytinga, seier Aanestad.

Rådmannen har forståing for at han blir tatt av saka

På møtet vart det vedteke at rådmannen blir tatt av den vidare handsaminga av dei tidlegare arbeidsmiljøproblema og varslingssakene som måtte kome. Ein setterådmann skal inn i staden. Kven det blir er ikkje bestemt enno. Rådmannen skal framleis ha ansvar for drifta tenesta.

– Eg har stor forståing for at kommunestyret ønskjer å ha ein setterådmann knytt til dei varslingssakene som skal handterast på nytt. Det at det kjem eit nytt blikk på dei sakene der, har eg både forståing for og synst er heilt greitt, seier Aanestad.

FELLES ANSVAR: Ordførar Jarle Aarvoll meiner heile det administrative og politiske miljøet i Sogndal må ta ansvar for at arbeidsmiljøproblema ikkje let seg løysa tidlegare. Bilde:  Halvor Farsund Storvik

Meiner setterådmann var den beste løysinga

I tillegg til å rette skyts mot rådmannen, meiner høgrepolitikar Flåten at måten Ap og SV har handtert saka på er pinleg.

– Dei har ikkje løfta ein finger for å hjelpa alle dei som har blitt råka. Ikkje berre dei tilsette, men òg alle dei ungane og familiane som har blitt skadelidande. Det er heilt klart at når samtlege barnevernspedagogar slutta i 2016, så har det gått utover tenestene, seier Flåten.

Vibeke Johnsen, gruppeleiar i SV, meiner tvert om dei med dagens vedtak var ein siger på ei rekkje viktige punkt.

– Det beste som skjedde i dag, sjølv om mange er skuffa over at det ikkje vart mistillit mot rådmannen, er at eit samla politisk miljø så eintydig beklaga det mange tilsette har opplevd over så mange år, seier ho.

Samstundes meiner ho at å oppnemna ein setterådmann i den vidare handteringa av barnevernssaka, er eit langt meir effektivt grep enn det mindretalet ønska.

– Eit mistillitsforslag er alvorleg, men kommunestyret har ikkje rett til å avsetta rådmannen. No har me sikra at nokon andre vil følga opp dei tre varslingssakene, i tillegg har me sagt at eventuelt nye varsel òg skal handterast av setterådmannen. Eit nytt varslingssekretariat skal òg opprettast av setterådmannen, med balansert representasjon og beståande av folk utanfor Sogndal kommune. Det siste eg er nøgd med at me har fått inn i vedtaket, er at setterådmann skal etablera eit system og rutinar for konflikthandtering, i samarbeid med arbeidsmijløutvalet i kommunen, seier Johnsen.

Ordføraren vil ikke skulda på andre

Ordføraren minner om at Flåten er ein del av det politiske miljøet som har fatta vedtak i saka fram til i dag.

– Det ligg til nokre politikarar å skulda på andre, det må me leva med. Eg meiner det er eit felles ansvar at dette ikkje har vorte løyst mykje før. Eg vil ikkje skulda på andre. Eg er glad for at det er eit godt arbeidsmiljø i dag, men eg er lei meg for alle dei som har opplevd eit dårleg arbeidsmiljø tidlegare. Me har no gjort eit vedtak som vil vera med å gjera at me vil ha eit betre system og betre oppfølging, noko som gjer at me ikkje kjem borti slike omstende seinare, seier Aarvoll.

Til toppen