SOMMARKONSERT: Til sommaren er det planlagt fleire minikonsertar på anlegget i Offerdalen. Foto: Siren B. Svortevik
SOMMARKONSERT: Til sommaren er det planlagt fleire minikonsertar på anlegget i Offerdalen. Foto: Siren B. Svortevik

Minikonsertar med lokale artistar Ne `Fø Sjøen  

Til sommaren skal anlegget i Offerdalen takast i bruk for fyrste gong etter at ein gjeng på 31 personar starta oppussingsarbeid i fjor sommar.

- Mange har ringt oss fordi dei har høyrd at vi har planlagt konsertar til sommaren, og det har vi store planar om, utbryt den energiske eldsjela Harald Thune.

Under Fjord til Fjell i juni er det planlagt minikonsertar med tre lokale artistar.

Les også: – Slå ring om Ofredalen!

- Det er endå for tidleg å avsløra namnet på artistane, men dei støttar opp om anlegget og spelar gratis for oss, seier Thune. 

Konsertane er planlagt fredag 10. juni og det er forslag om å servere speketallerken som mat.

- Vi håpar å få tak i ein båt som kan frakta gjestene frå Årdalstangen og ut til Offerdalen. Det er sjølvsagt ønskjetenking, seier Thune.

Leiger ut rom til sommaren

Til våren skal bygget nede ved sjøen, også kalla Sjøboden, stå klar med tre soverom.

- Til saman skal vi ha 14 soveplassar ved sjøboden og hovudhuset. To damer skal bu der heile sommaren og halde ting på stell for gjestene. I tillegg skal dei drive kafé.  Allereie har vi fått inn ein del bestillingar på rom, seier Thune.

I fjor var det i alt 31 eldsjeler som var ute å jobba frivillig på det store anlegget i Offerdalen og Thune talde sjølv opp mot 800 besøkjande.

Les også: Desse styrer med god dugnadsånd

- Det var ein del tyskarar og danskar. Eg høyrde ein del merknadar på kvaliteten på vegen, så eg håpar kommunen tek ansvar og med vedlikehald. Klart dei som kjem frå utlandet ikkje er vand med slik type veg. Om sommaren er tunnelen fin å køyre, den er jo spektakulær i seg sjølv, seier Thune.

Borar etter vatn

No er Thune i full gang med å søkje etter midlar til prosjektet ute i Offerdalen. Folk frå Solvorn Laft og Bygg har ute å sett på anlegget og er i gong med å teikne opp eit kostnadsoverslag for anlegget. I alt er det 11 små og store hus på eigedommen.

- No skal vi bore etter vatn. I sommar og fram til no har vi fått vatn frå elva, men det forsvann så mange gonger at om vi skal ha folk buande her, må vi få på plass eit skikkelig system, fortel Thune.

Gjengen er i gang med restaurering av Sjøboden. På slutten av sommaren i fjor stod hovudhuset klart.

- Det var forferdeleg mykje arbeid. Ikkje har det vore drift der på fleire år, så det var ein del å ta tak i, forklarar Thune.

Styret i Indre Ofredals Vener har fått eit forslag frå rådmannen om ein samarbeidsavtale for heile området nede ved sjøen i Offerdalen. Dei har no kome med eit par innspel og sendt det tilbake. På torsdag vert avtalen teken opp i formannskapsmøtet. 

- Ikkje setja opp grenser mellom Øvre og Årdalstangen

Thune håpar Årdal Utvikling syns prosjektet ute i Offerdalen er spennande og håpar på tett samarbeid framover.

- Eg håpar Årdal Utvikling er nysgjerrig på det vi driv med og at det ønskjer å ta seg ein tur ut hit for å sjå kva vi driver med. Det hadde vore ein stor motivasjon for alle dei som stiller opp som frivillige. Eg trur ingen tvilar på at vi kan få til turisme og opplevingsturar i Årdal, seier Thune.

Les også: Mange planar for reiselivet i Årdal

Han poengterer at Årda har utruleg mykje å by på, men trur overgangen frå industri kan ta si tid.

- Vi må passe på å ikkje setja opp grenser mellom Øvre og Årdalstangen. Vi må samarbeida – det er det viktigaste, seier Thune.  

Utover hausten leikar Thune med tanken på å starte opp lefsebaking og ølbryggeri ute i Offerdalen.

- Det er mange moglegheita. Vi har tilgang på mange epletre og har fantasert om å lage vår eigen Offerdalen eplesider i framtida. Det er supre forhold til å gå lette og fine turar i område og moglegheit for fiske på langs sjøen og i fjellet. Vi er nabo med Jotunheimen, noko som byr på endå fleire moglegheita for natursjeler. Når vi får på plass kaia slik den skal vera, kan vi ta imot skuleklassar, båtfolk og alle som har lyst å kome, seier Thune.

Til toppen