Indre Sogn: Harepest (tularemi) finst primært hos ville dyr, spesielt hos hare og smågnagarar. Her i landet vert menneske vanlegvis smitta ved direkte kontakt med, eller bit frå, sjuke eller smitteberande dyr eller ekskrementa deira, gjennom drikkevatn, ved flått eller myggstikk eller ved innpusting av støv med tularemibakterier.
– Det er ingen grunn til å frykte smitte av harepest når ein er ute i skogen viss ein tar grunnleggjande forholdsreglar, opplyser spesialinspektør og veterinær Erik Wahl i Mattilsynet.
Han meiner folk bør vere merksame på kvar dei plukkar bær, og at ein må gå vidare dersom ein ser avføring.
– Viss ein tar slike generelle forholdsreglar, så vurderer vi risikoen med bærplukking som minimal, seier Erik Wahl.
Wahl forklarer at harepest-bakterien gir sjukdom på dyr og kan også føre til sjukdom hos menneske.
– Folk blir gjerne smitta viss dei handterer døde eller smitta dyr, for eksempel under harejakt. Det kan også smitte via drikkevatn som er forureina frå slike dyr. (©NPK)