GOD LØYSING: – I enkelte tilfelle kan felles leiing for jordskifteretten vere ei god løysing, meiner justisminister Anders Anundsen. Foto: Justisdepartementet/Flickr. 
GOD LØYSING: – I enkelte tilfelle kan felles leiing for jordskifteretten vere ei god løysing, meiner justisminister Anders Anundsen. Foto: Justisdepartementet/Flickr. 

Ministeren følgjer jordskifteretten på Vestlandet

– I enkelte tilfelle kan felles leiing for jordskifteretten vere ei god løysing, meiner justisminister Anders Anundsen. På Vestlandet er det strid om å slå saman fleire jordskifterettar.

Årdal/Lærdal: Det er mellom anna planar om å slå saman leiinga ved jordskifterettane i Bergen og Voss og i Sogndal og Førde. Seks jordskifterettsleiarar på Vestlandet har derfor skrive protestbrev til Domstoladministrasjonen om samanslåingsplanane. Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) har også engasjert seg i saka, og har mellom anna skrive brev til justisministeren for å få hans syn på saka.

I eit skriftleg svar seier Anundsen at han har registrert at Domstoladministrasjonen har vedteke å innføre tilsetjingsstopp og at han vil følgje situasjonen nøye, mellom anna for å sjå om det kan gå utover sakshandsamingstida.

Justisministeren viser til at Domstolsadministrasjonen etter ei forskrift i domstolslova i «særlege tilfelle» kan fastsetje at to eller fleire domstolar kan ha felles domsstolsleiing.

– I nokre tilfelle meiner eg at ei felles leiing kan vere ei god løysing, og eit verkemiddel for å syte for effektiv saksavvikling. Eit anna viktig moment for etablering av felles leiing for to eller fleire domsstilar er dersom rekrutteringa til aktuelle leiarstillingar ikkje er tilfredsstillande, skriv justisminister Anders Anundsen i svaret sitt til Navarsete. (©NPK)

Til toppen