RETT SATSING: Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie meiner ei satsing på utsal av lokalmat som Smak av Sogn landhandel er rett veg å gå.

RETT SATSING: Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie meiner ei satsing på utsal av lokalmat som Smak av Sogn landhandel er rett veg å gå. (Bilde: Ole Ramshus Sælthun)

Stortingsvalet 2017

Ministeren har stor tru på kombinasjonen reiseliv og landbruk

Anniken Hauglie (H) nytta høvet til å kjøpa seg ein kvit Undredalsost under vitjinga i Lærdal. Ho fekk også ei reiselivsutfordring av fylket sin stortingskandidat frå Høgre.

Lærdal: - Det er duften av bestemor, erklærte arbeids- og sosialministeren då ho gjekk inn i Smak av Sogn Landhandel på Gamle Lærdalsøyri.

Hauglie var på rundreis i Indre Sogn i innspurten av valkampen, og nytta den dryge timen ho hadde til disposisjon i Lærdal til ein spasertur frå Hauge kyrkje til Sanden pensjonat med lokale høgrefolk.

Varaordførar i Lærdal og partifelle Trond Øien Einemo fortalde om attreisinga etter lærdalsbrannen og korleis ein no har satsa på prosjektet "Levande lokale" på Gamle Lærdalsøyri, og at det samstundes har dukka opp fleire nye verksemder her. Ein sving innom Smak av Sogn Landhandel resulterte i ein Kvit Undredalsost for Hauglie, og ho meinte dette var vegen å gå.

Les også: Legg planar for storsatsing på landbruk, mat og reiseliv

- Koplinga mellom reiseliv og landbruk har eg verkeleg tru på. I det heile har landbruket vorte mykje flinkare til å tenkja næring dei siste åra, gjennom å etablera slikt som gardsbutikkar, sa ministeren.

Artikkelen held fram under biletet

SPASERTUR: Høgredelegasjonen starta med ein spasertur gjennom gata der nesten alle husa brann ned i januar 2014. f.v. i front: Frøydis Helland (Lærdal Høgre), Anniken Hauglie, Trond Øyen Einemo (varaordførar i Lærdal), Knut Arne Klingenberg (Årdal Høgre) og Frida Melvær (stortingskandidat frå Sogn og Fjordane Høgre) 
SPASERTUR: Høgredelegasjonen starta med ein spasertur gjennom gata der nesten alle husa brann ned i januar 2014. f.v. i front: Frøydis Helland (Lærdal Høgre), Anniken Hauglie, Trond Øyen Einemo (varaordførar i Lærdal), Knut Arne Klingenberg (Årdal Høgre) og Frida Melvær (stortingskandidat frå Sogn og Fjordane Høgre)  Foto: Ole Ramshus Sælthun

 

- Me ser at reiselivet er i ferd med å omstilla seg på eige initiativ

Endestasjonen for møtet var Sanden Pensjonat med servering av lokale matprodukt. Der dreia diskusjonen mellom dei tre høgrepolitikarane på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå - nemnde Hauglie og Øyen Einemo, pluss Høgre sin stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, Frida Melvær - rundt reiseliv.

- Dette er som å sitja i bestemor si stove. Og det er i den retninga turismen går; turistane krev i større og større grad at dei opplever noko, sa Hauglie.

Øyen Einemo fortalde på den andre sida om korleis reiselivet i Lærdal lenge har lukkast med å ha ein struktur for å ta i mot store turistgrupper, hovudsakleg frå Asia.

- Her er overnattingsverksemder der alt skjer til faste tider og er sett i eit system som ein fabrikk, fortalde han.

- Må det lokale reiselivet byrja å omstilla seg, no når det blir stadig meir fokus på opplevingsturisme?

- Den omstillinga skapar seg meir eller mindre sjølv, det ser me er i ferd med å skje.

- Men framleis treng ein vel desse verksemdene som har system for store grupper, for turistar frå Asia kjem vel framleis først og fremst hit på det viset?

- Jau, men me ser også fleire og fleire som kjem frå Asia på eiga hand. Og me ser at ein del av desse kjem utom hovudsesongen - på hausten eller våren. Då er det rimelegare og dei slepp å stå i kø. Og no kjem kineserane for fullt, fortalde Øyen Einemo.

Artikkelen held fram under biletet

DISKUSJON: Anniken Hauglie og Frida Melvær diskuterte hovudsakleg reiseliv under ein lunsj beståande av lokalmat på Sanden pensjonat.
DISKUSJON: Anniken Hauglie og Frida Melvær diskuterte hovudsakleg reiseliv under ein lunsj beståande av lokalmat på Sanden pensjonat. Foto: 

Utfordrande kontrollsystem for små reiselivsverksemder

Då dei lokale høgrerepresentantane vart spurde om å utfordra ministeren og partifellen på noko som kan bli betre i høve næringsliv i småkommunane, gav Melvær Hauglie følgjande utfordring:

- Det eg har fått attendemelding om frå NHO reiseliv er at kontrollsystemet er svært omfattande for små reiselivsverksemder. Eg trur det var atten ulike kontrollar dei var innom. Så det er eigentleg ei unison attendemelding at dette bør samordnast betre.

Hauglie tok det til seg, og nytta høvet til å fortelja om at den blåblåe regjeringa har nytta denne tankegangen i høve reine tilsyn på arbeidsplassar. 

- Viss ein ser på arbeidsfeltet, som eg kjenner godt til og det tilsynet som Arbeidstilsynet gjer; der har me etablert sju senter mot arbeidslivskriminalitet. Og dei sentera husar Skatteetaten, kemneren, Arbeidstilsynet, NAV og politiet. Dei gjer samordna tilsyn. Då tek dei fleire fordi tilsyna blir koordinerte og det er ressursbesparande.

Til toppen