DIALOG: Landbruks- og matminister Jon Georg Dale i samtale med grunneigar Oddmund Einemo under synfaringa på Hemsedalsfjellet. Foto: Ole Ramshus Sælthun
DIALOG: Landbruks- og matminister Jon Georg Dale i samtale med grunneigar Oddmund Einemo under synfaringa på Hemsedalsfjellet. Foto: Ole Ramshus Sælthun

 Ministeren meiner gjerdet er viktig å få på plass

Mykje tyder på at det i løpet av nokre månader vil koma opp eit om lag sju kilometer langt sperregjerde for å hindra blanding av tam og vill rein på Hemsedalsfjellet.

Lærdal: - Me meiner at eit gjerde vil vera nødvendig. No skal me ha møte med grunneigarane - eit gjerde avhenger av velvilje frå deira side, så eg håpar me kjem fram til ei løysing med dei gjennom god dialog. Eit gjerde vil også kunne føra til at andre restriksjonar på beitebruk vil ha kortare varigheit.

Det sa landbruks- og matminister Jan Georg Dale (Frp) då han var på synfaring på Breistølen og fekk forklart moglege trasear for det sju kilometer lange gjerdet på vestsida av Hemsedalsfjellet.

I tillegg til dette gjerdet ligg det i planane å setja opp fire kortare sperregjerder på austsida av fjellet der reinen har trekkrutene sine. Til saman skal desse gjerda hindra villrein frå skrantesjukeråka Nordfjella å blanda seg med tamreinen til Filefjell tamreinlag.

Les også: Her er ministeren på synfaring i Nordfjella

Les også: Skal ta ut bukk rundt rv. 52

- Plassering midt i beiteområda er ikkje akseptabelt

Og då ministeren møtte grunneigarane var attendemeldinga at dei ikkje var mot gjerde, så lenge deira interesser vart omsyntekne.

- At gjerdet blir plassert inne i beiteområda er ikkje akseptabelt for oss. Det må følgja naturlege beitegrenser i størst mogleg grad. Då kan gjerde vera positivt fordi det også vil halda sauen på rett side, seier grunneigar og sauebonde Anders Haugen.

- Kvar bør gjerdet gå?

- Det naturlege er at det følgjer djupaste dalbotnen og elvi i størst mogleg grad. Det er dei naturlege beitegrensene. Me har fått tilsendt eit utkast til trase som går midt gjennom beitområda der det er mest sau; det blir sleppt seks-sju hundre sau på beite her. Den kan ikkje me godta som beiteberettiga, det ville vera ei katastrofe, rett og slett.

Haugen fortel vidare han vart roa av møtet med ministeren ettersom signala var at traseen for gjerdet skal utarbeidast med stor lokal involvering.

- Då får me vel også vera med å påverka dette, seier han.

Artikkelen held fram under biletet

MØTE: I etterkant av synfaringa hadde Dale møte med dei ulike interessen; styreleiar i Filefjell tamreinlag Knut H. Maristuen (f.h.) ved sidan av grunneigar Anders Haugen.
MØTE: I etterkant av synfaringa hadde Dale møte med dei ulike interessen; styreleiar i Filefjell tamreinlag Knut H. Maristuen (f.h.) ved sidan av grunneigar Anders Haugen.

- Statleg oppgåve

Styreleiar i Filefjell tamreinlag, Knut H. Maristuen, fortel dei meiner eit gjerde absolutt bør koma på plass, men at dei ikkje har så sterke meiningar om trase.

- Men ytterpunkta for gjerdet bør vera som skissert slik at ein faktisk får sperra av for trekka.

Og ytterpunkta er ved Eldrevassbergi i aust og innunder Galdestølen i vest.

At det er poeng med eit sperregjerde dersom nordfjellareinen blir sanert i løpet av eitt år slik at utveksling av villrein frå Nordfjella ikkje blir aktuelt lenger, forklara landbruksminister Dale slik:

- Området må smittesanserast i mange år etter eit eventuelt uttak, og då vil gjerde vera viktig for å hindra trafikk inn og ut av området.

Han påpeika også at vedlikehald av, oppsyn med og fjerning av gjerdet når det ikkje har funksjon lenger, er statlege oppgåver.

 

Til toppen