FLYPLASSTURNÉ: Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen er på flyplassturne denne veka. Til venstre poserer han med Idar Kollsete og Rita Navarsete i Sogndal Frp, til høgre er han i møte med mellom anna ordførarane i dei tre sognekommunane som snart skal slå seg saman. Foto: privat.
FLYPLASSTURNÉ: Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen er på flyplassturne denne veka. Til venstre poserer han med Idar Kollsete og Rita Navarsete i Sogndal Frp, til høgre er han i møte med mellom anna ordførarane i dei tre sognekommunane som snart skal slå seg saman. Foto: privat.

Ministeren på flyplassturne – besøkte Sogndal​

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen skal denne veka besøkje flyplassar over heile landet. Målet er å få eit innblikk i korleis Noregs luftfart fungerer og leite etter moglege kostnadskutt.

Sogndal: I dag var samferdsleministeren innom Sogndal lufthamn, der han fekk møte lokale Frp-politikarar og ordførane Jarle Aarvoll i Sogndal, Jon Håkon Odd i Leikanger og Harald Offerdal i Balestrand.

ER DET EIN FUGL? ER DET EIT FLY?: Fusjonskameratane Harald Offerdal, Jarle Aarvoll og Jon Håkon Odd fekk seg ein alvorsprat med samferdsleministeren under besøket.
ER DET EIN FUGL? ER DET EIT FLY?: Fusjonskameratane Harald Offerdal, Jarle Aarvoll og Jon Håkon Odd fekk seg ein alvorsprat med samferdsleministeren under besøket.

– Ordføraren vår var utruleg dyktig og fekk fortalt kor viktig det er, ikkje minst for næringslivet, å få ein hangar for nattstasjonerte fly. Det er noko det er stor semje om at det er viktig å kjempe for blant alle partia i Sogndal, seier Rita Navarsete i Sogndal Frp.

På fire dagar skal samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen besøke nitten lufthamner i Noreg. Målet skal ifølgje departementet vere å få eit ordentleg innblikk i korleis norsk luftfart fungerer.

– Det er særleg dei mindre lufthamnene vi ønskjer å besøkje på denne turen, og vi prioriterer dei lufthamnene eg ikkje har besøkt tidlegare som statsråd, seier Solvik-Olsen i ei sak på Samferdsledepartementet sine eigne sider.

Ser etter innsparingar

Solvik-Olsen er òg på jakt etter innsparingsmoglegheiter.

– Det er viktig at vi gjer ein jobb for å kutte kostnadane så vi sikrar at dei flyplassane, som gjerne har lågt passasjergrunnlag, men som likevel er svært viktige for at lokalsamfunna overlever, seier Solvik Olsen til NTB.

Ifølgje Rita Navarsete kom det fram i møtet at Sogndal lufthamn mister fem arbeidsplassar i 2020 som ei følgje av omlegginga til fjernstyrte flyplasstårn. Dei tilsette det gjeld skal ha fått tilbod om jobb i Tromsø, der all trafikk på småflyplassane i Norge etterkvart skal styrast frå.

Endring i planane

Departementet reiser i to team der det eine teamet er leda av Solvik-Olsen medan statssekretær Tom Cato Karlsen står i spissen for det andre.

– Målet er at vi til saman i denne stortingsperioden skal vere innom dei aller fleste lufthamnene i Noreg, seier Solvik-Olsen.

Turneen starta måndag kveld med besøk på Florø lufthamn og Førde lufthamn. Tysdag morgon starta statsråden på Sandane lufthamn i Nordfjord og skulle deretter køyre vidare i bil til Sogndal lufthamn i Sogn. På grunn av brannen i Fjærlandstunnelen natt til tysdag måtte delegasjonen rekvirere helikopter for å nå fram i tide.

– Samferdsleministeren gav tydeleg uttrykk for at det var eit konstruktivt og informativt møte. Me fekk òg diskutert stamvegen aust-vest og der igjen var ordføraren veldig på hogget når han fekk tydeleg fram at dette ikkje berre handlar om Sogndal Kommune, men om heile fylket vårt, seier Rita Navarsete i Sogndal Frp.

Til toppen