SVARAR HØL: Klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) kallar utspelet til Hilmar Høl om CO2-kompensasjon for ein forsmak på valkampen. Foto: Utenriksdepartementet/Flickr.
SVARAR HØL: Klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) kallar utspelet til Hilmar Høl om CO2-kompensasjon for ein forsmak på valkampen. Foto: Utenriksdepartementet/Flickr. (Foto: Flickr/Utenriksdepartementet)

Ministeren svarar Høl: – Forsmak på valkampen

Klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) seier regjeringa ikkje har planar om å avvikle CO₂-kompensasjonen.

Årdal: Tidlegare denne veka gjekk fylkesleiaren i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, Hilmar Høl, ut og skulda regjeringa for å setje industriarbeidsplassar i fare.

Høl meinte regjeringa viser manglande vilje til å sikra ordninga med CO₂-kompensasjon, ei ordning som vil ha mykje å seie for til dømes Hydro i Årdal og Høyanger. I ein e-post til Porten.no, svarar klima- og miljøministeren følgjande:

– Dette er vel ein liten forsmak på valkampen der Arbeidarpartiet ønskjer å posisjonere seg. Dermed spreier dei usikkerheit kring regjeringa sin industripolitikk. Men regjeringa set ikkje industriarbeidsplassar i fare, og me har ingen planar om å avvikle CO₂-kompensasjonen.

Helgesen svarar at regjeringa tvert om jobbar for at det framleis skal vera mogleg etter EU-reglane å ha slike ordningar frå 2021 til 2030.

Ikkje fått svar frå næringsministeren

Høl er glad for at ministeren tek seg tid til å svare han og er klar på at norsk industri er avhengig av langsiktig og forutsigbare rammevilkår for å sikra investeringar i Noreg.

– Mitt eige fagforbund Industri Energi har bedt om hastemøte med næringsminister Monica Mæland for å etterspørje informasjon frå regjeringa om saken. Dei har enno ikkje fått svar på den førespurnaden, seier han.

– Når ministeren går så høgt på bana, må han gjere greie for kva regjeringa tenkjer å gjere for å vidareføra CO₂-kompensasjosordningane. Dagens ordning går ut i 2020, og vår posisjon er at me framleis krev full CO₂-kompensasjon.

– Har styrka grøn konkurransekraft

Helgesen seier at innanfor EU har dei jobba for at det skal vera opp til kvart enkelt land om og korleis dei skal ha denne kompensasjonsordninga. 

– I tillegg har me styrka industriens grøne konkurransekraft, mellom anna ved å gi rekordstore tilskot til Enova, som støttar utvikling av ny effektiv teknologi for viktige industribedrifter.

– Rom for bekymring

Ap-politikaren legg til at han forventar at regjeringa fullt ut brukar handlingsrommet som finst for å sikra ordninga for norsk industri.

– Me står fast på at me skal ha moglegheit til å kompensera industrien for auken i kraftprisen som skuldast at me har sett ein pris på CO₂-utslepp. Dette betyr mykje for arbeidsplassane i norsk kraftforedlande industri.

– Regjeringa var i ferd med å redusera CO₂-kompensasjonsordninga hausten 2013, men det blei det heldigvis ikkje noko av. Eg vil òg visa til at i spørretimen, i Stortinget onsdag 15. februar, kunne ikkje Helgesen garantera for kva tiltak for CO₂-kompensasjon me vil ha i Noreg frå 2021-2030 når EU skal revidera sitt regelverk, og då er det rom for bekymring.

Til toppen